Meny

Næringslivet vil betale pensjon

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(NPK): 60 prosent av norske bedrifter er positive til å betale tenestepensjonsordninga til dei tilsette. Det er fire prosent fleire enn på same tid i fjor.

43 prosent av bedriftene har rekna på kostnadene til ei slik ordning. Det viser ei undersøking Perduco har gjort for konsulentselskapet Deloitte blant eit representativt utval på 2.000 bedrifter.

Kjenner ikkje prislappen


- Næringslivet kvir seg ikkje mot å ta kostnaden ved innføring av ein kollektiv tenestepensjon. Det ser vi ved at tre av fire bedrifter som har rekna på kostnadene, er positive til å betale.

Har du tenkt over pensjonen din?Har du tenkt over pensjonen din?

Men sjølv om mange er positive, må vi ikkje gløyme at minst en av fire bedrifter seier ja til tenestepensjon utan å kjenne prislappen, seier partner og statsautorisert revisor, Vidar Nilsen i Deloitte.

Primærnæringa, hotell- og restaurantnæringa og bedrifter innan varehandel er minst positive til å finansiere tenestepensjonen.



Ekstrakostnader


Alle bedrifter bør førebu seg på ekstrakostnadene som kjem, tilrår Deloitte. Og dersom det vert innført obligatorisk tenestepensjonsordning, må arbeidsgivarane ta stilling til type tenestepensjonsordning.

Enno er det mange usvarte spørsmål om både omfang og finansiering i forhold til denne reforma. Eit utgangspunkt har vore at bedriftene skal betale tre prosent av bruttolønna.

- Det må vurderast om ordningane vi har i dag skal vidareførast i tillegg til ei obligatorisk ordning, og om det er formålstenleg å opprette eigne pensjonskasser, eventuelt i fellesskap med andre bedrifter.

Det kan vere kompliserte juridiske vurderingar som må gjerast i denne samanheng, avhengig av om ein er ei lita eller stor bedrift, har utanlandske tilsette eller allereie har private pensjonsordningar, seier advokat Gro Helvik i Deloitte.
(NPK): (NPK)

Artikkelen er skreven av Anders Malm, Nynorsk Pressekontor.


Fleire nynorsk-artiklar i Neste Klikk:

Nynorsk



Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus