Nynorsk start på Startsiden

Artikkelen fortsetter under annonsen

Startsiden med sjarmoffensiv mot nynorskbrukarar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Espen Udland viser stolt fram «Målblomen». (Foto: Elise Nyborg Eriksen)Espen Udland viser stolt fram «Målblomen». (Foto: Elise Nyborg Eriksen)

Dei fleste har gjerne høyrt om startsiden.no. Med om lag 600 000 brukarar dagleg har internettportalen opplevd ein eksplosiv vekst sidan den spede starten i 1996. No skal nynorskbrukarane «frelsast».

Med nynorsksatsinga «startsida.no» tek ABC Startsiden AS eit nytt stormskritt mot å erobre den norske Internett-marknaden. Vi snakka med administrerande direktør Espen Udland om hjartesaka «Startsida» og hans eigne heller avgrensa røynsler med nynorsken.

Den 20. mai vart www.startsida.no lansert på nett. Dette vil vere ein komplett omsett versjon av den Startsiden.no vi kjenner i dag.

Ein entusiastisk Espen Udland meiner det er på høg tid at nynorsken slepper til på nett.

Målet er å skape den absolutt beste startsida for nynorskbrukarar. Per i dag finst det inga god startside på nynorsk, og det vil vi forandre på. Vi vil gjerne vere eit lokomotiv for nynorsken på nettet, seier han med eit breitt smil.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Økonomisk rett


Udland legg ikkje skjul på at det også ligg økonomiske motiv attom satsinga.

- Det er klart at vi også kjem til å tene på å få fleire brukarar gjennom annonseinntekter. I ein marknad der nærare 700 000 bruker nynorsk, er det klart at vi ser på dette som interessant. Vi trur at startsida.no vil gje oss fleire lojale brukarar.

ABC Startsiden AS har allerede fått Noregs Mållags «målblome» for prosjektet, som vart starta på eige initiativ.

Dei tilsette i Startsiden hadde ein idédugnad for å sjå på moglege vekstområde for tenesta vår. Eitt av mange gode framlegg som kom opp, var å lage ei startside for nynorskspråklege, forklarer Udland.

Han er svært glad for å få støtte frå Mållaget i prosjektet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

«Startsida» er heilt lik storebror «Startsiden».«Startsida» er heilt lik storebror «Startsiden».

Reaksjonane har vore veldig positive. Både dagleg leiar og styret i Mållaget har vore svært entusiastiske. Ikkje minst har dei vore imponerte over at ei bedrift vel, heilt friviljug og utan press frå nokon, å leggje til rette for ei nynorskspråkleg teneste. For oss var det også veldig morosamt og inspirerande å delta på landsmøtet til Noregs Mållag i april. Der fekk vi for alvor lansert ideen for sjølve kjernen av målgruppa, understrekar Udland.

Stort omsetjings-arbeid
Tanken bak startsida.no er altså at alle dei om lag 60 000 peikarane som ligg i emnekatalogen til startsiden.no, skal få omtalane sine omsette til nynorsk. I tillegg vil nynorsk skriftspråk kunne brukast i søkjemotorane (t.d. Google og Startsidens katalogsøk). Magasinet til Startsiden, Neste Klikk (www.nesteklikk.no), vil også få eigen artikkelproduksjon på nynorsk.

Startsiden har fått fleire interessante aktørar med seg på prosjektet, eit prosjekt som også er vorte tildelt økonomisk støtte av Innovasjon Norge. I tillegg til Noregs Mållag har Landssamanslutninga av Nynorskkommunar (LNK) vist interesse for «startsida». Tenesta Nyno.no har arbeidd saman med Startsiden for å finstille søkjemotorane slik at brukaren kan bruke nynorsk i søkjeboksane og få treff i både nynorsk- og bokmålsdokument.
Alt ligg med andre ord til rette for ei braklansering i mai.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Djupt såra


Men kva er initiativtakar Udlands eige forhold til nynorsken? Bankar hjarta hans hardt for målsaka?

He-he. Ettersom eg er oppvaksen i Oslo, på austkanten, så var det heller dårlege kår for nynorsken. Spesielt hugsar eg to av klassekameratane mine som i 8. klasse leverte inn følgjande heller ordknappe svar til nynorsk-tentamen:
«Eg....»
og
«Eg er djupt såra og vonbråten over sønen dykkar, helsing gudfader frå Vestlandet».



• ABC Startsiden er ein av dei mest brukte «portalane» i Noreg - ei kompakt og fyldig innhaldsliste over alt mogleg som finst på Internett og som du ofte treng, t.d. nyhende, vêr, helse, mat, nettbutikkar, økonomi, oppslagsverk, underhaldning osb.

• ABC Startsiden blir vedlikehalden av ein eigen redaksjon som gjer eit grundig arbeid med utvalet, slik at du alltid er sikra å få den beste informasjonen. Samstundes er ABC Startsiden oversynleg, rask og enkel å bruke og forstå.

• ABC Startsiden blir driven av ABC Startsiden AS. Tenesta vart starta sommaren 1996 av Tom W. Ottmar, og vart fram til sommaren 1999 driven av same person åleine. Eigarsituasjonen i dag er: Telenor Internett eig 83 prosent, Schibsted Multimedia er inne med 16,5 prosent, og dei resterande er åtte av tilsette i ABC Startsiden.

Fleire nynorske artiklar:

Nynorsk