Åpen for alle - alltid

Å rettleia bonden

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei kommunane som satsar på eit godt rettleiingsapparat lokalt, vil møte omstillingane i landbruket langt betre enn dei som ikkje har eit landbrukskontor, meiner fylkeslandbrukssjef Ole Bakkebø i Hord

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Men alle som arbeider der, treng ikkje vere landbruksutdanna.

Diskusjonen omkring norsk landbruk går høgt om dagen, og meiningane er mange. Kor vil næringa gå, og korleis kan bonden få lønnsemd i produksjonen sin?

Fylkeslandbrukssjefen meiner at dei endringsprosessane som er i gang for bonden sin kvardag berre vil halda fram. Og han meiner at dei kommunane som har eit oppegåande rettleiingsapparat lokalt vil koma godt ut den utviklinga næringa må gjennom.

Ei næring som er bærebjelken i svært mange lokalsamfunn i distrikta våre, meiner Bakkebø.

Lokal rettleiing

Det er utruleg mange dyktige bønder som kan faget sitt og som vil satsa på garden som leveveg.

Bakkebø fortel at bonden, som andre næringsdrivande, treng nokon å drøfte ideane sine med. Men og at kontoret lokalt formidlar kunnskap om nye trendar til bøndene slik at det skjer ei fornying i produksjonen og produksjonsapparatet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Når det er kjennskap og tillit til rettleiingsapparatet lokalt, ser me at det ofte er med å utviklar garden som framtidig arbeidsplass, med det resultat at ulturlandskapet og blir odla.

Får midlar til bygda

Eit anna forhold Bakkebø trekkjer fram er kjennskapen eit lokalt landbrukskontor vil ha til dei mage offentlege støtteordningane som skal sikre investeringar i tradisjonelle næringar og såkalla landbruk pluss.

- Når nokre bønder startar å satse ser me at det svært ofte fører til ringar i vatnet og heile landbrukssektoren gjennomgår ei fornying.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ikkje berre kroner

I landbruket som i andre næringar er det slik at ein ikkje berre kan ha fokus på lønsemd. Bakkebø meiner at det neppe vil vera nøkkelen til suksess og levande bygder.

- Ofte er trivsel viktigare enn å maksimera overskot og det skal me ikkje tulle med.

Norsk landbruk i dag sysselset så mange menneske i andre tilstøytande næringar at det ville vera ei ulykke for distrikta skulle næringa og produksjonsvolumet bli monaleg redusert. Men det må ofte nytenking til.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Denne sida ved næringa blir i alt for liten grad fokusert når bonden blir kritisert for store overføringar.

Slakk på prissetting

Ein stor fare Bakkebø ser for dei som eig grunn, er at prissettinga av norske gardsbruk hindrar at nye slepp til i næringa. Låg pris på bruk hindrar sal, meiner han. I dag er situasjonen komen så langt at bonden får meir for nokre tomter enn om han sel heile garden, fortel Bakkebø.

Nye må inn

Og nye må inn i næringa som produsentar men og på rettleiingssida. Det er ikkje lenger slik at det berre er personar med bakgrunn frå landbrukshøgskulen som har alt vitet innafor eit rettleiingsapparatet.

Næringa treng kunnskap og erfaring frå andre næringar som landbruket vil nyte godt av når den skal tenkje nytt. Det har fylkesmannen i Hordaland teke konsekvensen av.

Dei har mellom anna tilsett ein eigen kokk som tar aktivt del i utviklinga av næringa.




Fleire nynorske artiklar:

Nynorsk