Idretten gir ringar i vatnet

Det er resultatet etter at Kari Traa har kasta seg inn i forretningsverda. Ho er glad i heimbygda si og gler seg over at suksessen hennar og kan vera med å skapa noko i heimbygda, noko som skapar arbe

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Det er slett ikkje berre ski denne jenta meistrar. Ho tek utfordringar på rekke og rad. Og ei har vore å vera med å byggje opp Skigutane as på Voss. Ei konfeksjonsbedrift med merka Bula og Kari Traa som viktig del i kolleksjonen. Og pila har peika oppover. I fjor nådde omsetnaden 40 millionar kroner.

Også til utlandet



Det starta som ein hobby då ideen om å laga nokre huer med namnet hennar på dukka opp, fortel kulekøyraren. Interessa blei enorm, og i lag med den tidlegare freestylekøyraren, Hans Engelsen Eide, har Vossabedrifta blitt ei blomstande nyskaping som og skal lansera tilboda sine utanfor Noregs grenser.

Å bli best har vore målet til Kari Traa. Slik er det og som forretningskvinne og pila peikar oppover. Kundane vil ha fleire produkt. Og når me spør korleis ho vil møte media dersom det blir ein nedtur for selskapet, skjønar ho knappast spørsmålet.Å bli best har vore målet til Kari Traa. Slik er det og som forretningskvinne og pila peikar oppover. Kundane vil ha fleire produkt. Og når me spør korleis ho vil møte media dersom det blir ein nedtur for selskapet, skjønar ho knappast spørsmålet.


Vossakjensle



Det seiest at vossingane, anten dei bur i bygda eller har flytta ut, blir blanke i augo når dei snakkar om røtene sine. Det er slik med Kari og. For tida bur ho i Oslo av praktiske omsyn, men det er på Voss ho føler seg heime.
- Eg vil nok ikkje trivast i Oslo over tid. Der er noko med bygda heime, landskapet, fridomen.
Og sjølv om dei folkevalde har gjort bygda om til by, er det bygdementaliteten som gir Voss det bygda er kjent for. Eit lite lokalsamfunn med stort kulturelt mangfald, anten det er skiskyting, jazz, kulekøyring eller folkemusikk.
- Og så smiler me alltid spesielt når sola kjem fram, ler Kari.

Betale tilbake



Sjølv har ho ei målsetjing om å reisa heim. Å skapa noko og stilla opp for nye generasjonar slik andre har gjort for henne. Det har vore ein av grunnane til at ho har latt seg involvera i bedriftssatsinga på Voss. Når karriera er slutt i bakken, kan ho sjølv ta fatt på ei oppgåve i selskapet på heiltid om ho vil.

Det eg likar



Sjølv meiner Kari at det ikkje er henne som sit på forretningstalentet, men ho likar å vera med å meina noko om det som skal produserast.
- Ideen har vore at dei kleda eg likar å gå med, bør me og produsera.

Media elskar henne



Gleipen og låtten sit laust hjå vossajenta. Ho er ikkje redd for å ta utfordringar og prøva nye ting. Det meiner ho og er grunnen til at ho har lykkast i det ho gjer.
Og media elskar henne for det. Ei uredd jente som vågar der andre takkar av. Og det gjer nok at mange er glade det ikkje er deira etterkomar som står på prent i den kulørte dags- og vekepressa.

Takkar mor og far



Men mor hennar har heit sidan ho var lita sagt at «du må gjera det du sjølv vil og ikkje prøva å vera noko annan.»
- Det har eg prøvd på og lykkast rimeleg godt.

- Utan far og mor hadde eg ikkje vore der er eg er i dag. Det er dei som har stilt opp for meg og latt meg få lov til å gjera det eg aller mest ville. Men kanskje den største støtta eg kjenner på i dag, er den heile Vossasamfunnet har gitt meg. Ikkje i pengar, men i at dei trur på oss som har representert Voss ute i verda.

Munn til munn



Den stemninga var ho sjølv med å skape då Eirik Kvalfoss møtte Vossa-bygda etter sitt Sarajevo OL-gull i 1984. I 2002 fekk ho sjølv oppleve det etter eit OL gull, og seier treffande:
- Munn-til-munnstøtte er den beste støtta ein utøvar kan få.
Og skal du få det til, må du våga. Slik er det med Skigutane og. Dei har satsa og får det til. Suksessen hennar har vore med å gjera produkta kjente, men dei har og treft ei nerve med produkta dei lagar.
Det er ikkje til å stikka under stolen at dagens unge veit kva dei skal ha på seg, og dei set standarden for dei som er eldre.
Det siste har no ført til at Skigutane til sommaren kjem med ein eigen barnekolleksjon.

Nynorsk det er oss



Det er ikkje fritt for at det gler vossajenta at selskapsetableringa har blitt den suksessen det har blitt. Eit selskap som skal stå fram med identitet som fortel kven dei er.
- Og dialekt og nynorsk har sjølvsagt vore naturleg for oss i det me gjer, - det er jo oss.

Bulakua



Men det handlar om å gjera det annleis. Å bruka nynorsk er ein måte. Å måla Bula på ei ku som beitar langs stamvegen forbi Voss er ein annan.
- Slikt blir det tydelegvis bråk av. Me syntest ideen var god. At me fekk så mykje gratis reklame frå media, tek me som eit pluss for selskapet, og Voss kom på kartet nok ein gong.
Dyremishandling skulle det visst vera å måle ei ku med vassfargar, mens eksosen frå alle bilane som køyrde forbi var ikkje noko problem.
- Eg trur no kua likte å få litt merksemd, seier jenta som har slutta å leggja på seg alt media måtte skrive om henne, og som frå tid til annan slett ikkje stemmer.

Meir enn klede



Skigutane as er meir enn berre eit konfeksjonsselskap. Dei har og stått sentralt i å få arrangement til Voss. Nå seinast i februar då World Cup i freestyle blei arrangert. Alle tilsette i selskapet var involvert i gjennomføringa av arrangementet.

Stipend



Suksessen frå skikarriera hennar, og no bedriftsutviklaren, skal leggja grunnlaget for nye talent i Vossaregionen. I år har ho oppretta eit eige stipend som skal hjelpa nye talent fram. Hundre tusen kroner er sett av og skal fordelast. Ein sum ho ser for seg skal auka i åra som kjem. Idrett er positivt for samkjensla i lokalsamfunna og identiteten for dei som bur her. Å få fram nye talent er derfor viktig for bygda.
Kari seier at mange har fortalt at ho skil seg ut som jente og idrettsutøvar. Slik kjenner ho ikkje på det sjølv.


Fleire nynorske artiklar:

Nynorsk

Personvernpolicy