Det handlar om å skape

Artikkelen fortsetter under annonsen

Bonderomantikk er slett ikkje grunnen til oppstarten på Mjonøy. - Det er fysisk hardt arbeid og lite tid til å romantisera. Det er det å skapa som er drivkrafta, fortel initiativtakarane Ellen Nordsto

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

På vegen mellom Edland og Vinje vil du passera Mjonøy, ein krysning av eit reiselivsanlegg og eit museum der du kan oppleve kultur og få kjøpt spennande produkt frå ulike gardsmatprodusentar.

Ny arbeidsdag



Etter mange års arbeid i skulen, dei ti siste med stilling i distriktsmusikken, ville Ellen Nordstoga gjere noko anna. Og i 2001 starta ho og Darius Jasmantavicius opp på Mjonøy.
I fjor sommar omsette berre gardsbutikken for 1,3 millionar kroner.
- Det er viktig at du har tilbod som ikkje berre kjem frå eige nærmiljø, skal du få fart på salet, fortel Nordstoga. Likevel ville ho likt at det var fleire lokale produsentar som hadde kome til med nye og spennande produkt.

Skal ein fyre med ved til steinomnen må veden i hus og. Etter dagens økt har Ellen Nordstoga og Darius Jasmantavicius sikra ved til sesongen 2006.Skal ein fyre med ved til steinomnen må veden i hus og. Etter dagens økt har Ellen Nordstoga og Darius Jasmantavicius sikra ved til sesongen 2006.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Mjonøybrød



Eit lokalt produkt er Darius sine brød som blir baka i steinomn i eit av dei mange husa som ligg på Mjonøyområdet. Tilboda er mange sommarstid, mellom anna bakar han opp mot 80 brød på gamlemåten, og alle får føter å gå på. Prisen er 35 kroner for eit brød, og no lurar dei på å setje prisen til 40 kroner.
- Er du svolten, serverer me deg tradisjonsmat og, seier Ellen.

Meir enn mat



Det er altså ikkje berre mat du får på området. Senga er klar. Ikkje høg standard, men kulturell standard. Og kulturarrangementa står i kø komande sommar. Ti sundagar skal ulike kulturformer presenterast i anlegget.
- Det blir forbunde med risiko, men den som ikkje vågar, vinn ikkje noko heller.
Det vart suksess i fjor. Meir enn 500 menneske på det meste fann vegen til ein konsert på Mjonøy ein julisundag. Og mange søkjer dei aktivitetane dei kan tilby på anlegget, anten det er skuleklassar som vil sjå og læra, eller det er pensjonistar som vil mimre og oppleve noko nytt i det spennande bygningsmiljøet du finn på området.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Vil kjøpe anlegget



Dei leiger området av ei stifting, men vonar å få kjøpe anlegget og området. Vinje kommune, som er ein av stiftarane, er glad for ei slik løysing. Nordstoga er viss på at eig dei anlegget sjølv blir engasjementet deira endå større, og det er mykje som skal fornyast og takast vare på.

Halde husa i hevd



Og ho brenn for anlegget. Ho oppdagar ein drope vatn på golvet i bakeriet. Eit lite sukk. Eit nytt tak som treng vøling.
Det har kosta og vil kosta i åra som kjem når så mange bygningar skal takast vare på. Ikkje berre nye, men og bygningar som er fleire hundre år gamle.
Nordstoga meiner det burde vera ordningar som var med å hjelpa på denne biten, og så kunne dei i større grad konsentrere seg om det produkttilbodet dei har valt på Mjonøy.

Trekkjer oss fram



- Det er mange som vil oss vel og som likar å trekkja oss fram når den lokale kulturen skal visast fram. Det er kjekt, meiner dei begge. Men det er nok diverre slik at svært mykje tid går med til å søkje på ulike støtteordningar som finst framfor det å driva anlegget.
- Det tek tid å skrive søknadene. Det er bingo kva ein får, og det tek tid å dokumentera at ein har nytta eventuelle midlar ein får.
Likevel, det gir meirsmak å skape ...


Mjonøy er ein del av Vinje kulturområde som inneheld mellom anna:


  • Vinje Prestegard, der m.a. Magnus B. Landstad vaks opp.
  • Vinje kyrkje, bygd 1796.
  • Garden Vesås, der Tarjei Vesaas blei fødd.
  • Minnesmerke over Aasmund O. Vinje av Knut Skinnarland og Mathias Skeibrok.
  • Garden Plassen og Vinjestoga, der Aasmund O. Vinje vaks opp.
  • Markerte og særmerkte fornminne: gravhaugane kring Vinjar og i Storesto, gardsanlegg frå mellom-alderen på Gauksland.
  • Vinje Biletgalleri, eit spesielt bygg med ei verdifull samling måleri av Henrik Sørensen og Harald Kihle.
  • Kulturlandskapet i Smørklepp, prega av lokal bygningskultur og mange spor etter gamle dyrkingsmåtar.


Fleire nynorske artiklar:

Nynorsk