Litt.klikk: «Blind»
•
Navn:
Lars Ove Seljestad
•
Alder:
43
Sivilstatus:
Separert, far til to tøffe rødhåra guttar på 12 og 14 år.
Hvor var du da du skrev boka?
- På eit lite pensjonat i Bremen, der eg har mitt eige faste rom, samt på
kontoret i Bergen, på Skrivekunstakademiet i Hordaland, og i stova mi heime i Haugeveien.
Hvem tenkte du på da du skrev boka?
- Far min, og på mange andre eg har møtt på «dollarveien ut i livet».
Hvilken type PC-skrev du boka på?
- Hugsar ikkje. Litt stasjonær Dell, litt stasjonær Packard Bell, men eg trur det meste er skrive på bærbar Compac, Dell og HP. Sluttarbeidet er definitivt skrive på bærbar HP. Og den første teksten som er med i boka, er skrive på ein bærbar Compac.
Hvordan valgte du bokas tittel?
- Boka har hatt tre ulike arbeidstitlar etter kva som har vore vektlagt i boka. Først var det ein snill og håpefull tittel. Så blei det ein rå og brutal tittel. Deretter kom det nok ein forankra og forsonande tittel. Før romanen igjen blei mørkare og fekk den endelege tittelen BLIND. Men titlane mine får du aldri.
Hvilken bok skulle du ønske du hadde skrevet?
- Kjartan Fløgstads «Fyr og flamme». Ikkje i dag, men helst 10 år før han sjølv skreiv den.
Hvilken bok har du aldri klart å fullføre?
- Den boka eg reiste til Oslo for å skriva som 20-åring. Eller kanskje det
nettopp er den som er fullført no?
Hvilken bok ville du tatt med deg dersom bokhylla brant?
- Olav H. Hauge: Dikt i samling.
Hvilken CD passer best som soundtrack til boka?
- Bruce Springsteen: «Darkness on the Edge of Town».
Oppsummer boka i en setning.
- Geir Kinsarvik sjagar oppover Ostertorsteinweg og ønsker at han kunne bli ramma av blind vold.
Hvilken skuespiller passer best til å spille hovedpersonen i boka?
- Daniel Day-Lewis.
Hvilken norsk person skulle du ønske hadde boka på nattbordet?
- Ho har den der alt.
«Blind»
En roman om den unge Geir Kinsarviks vekst og fall. Han vokser opp i Oddas gamle industristrøk, med far som arbeider på Smelteverket og mor som vasker arbeiderbrakkene. En forferdelig hendelse i barndommen hvor han blir stygt misbrukt og mobbet av skolekamerater, får han til å bli besatt av hevntanker. Han vil opp og fram i verden, han forlater Odda, sin klassebakgrunn og solidaritetstanken. Han satser på høyere utdannelse, og bryter med farens teser «Å vera skuleflink er eit tap», «den er svakast den som står aleine».
Forfatteren selv beskriver boka som «American Psycho» på nynorsk.
Lars Ove Seljestad
Lars Ove Seljestad er født i Odda i 1961. Utdanna sosiolog. I sitt sosiologiske virke har han særleg vore opptatt av arbeidet si kulturelle betydning og av relasjonen ungdom, arbeid og identitet. Forfattaren har også arbeidd med biografiske tilnærmingar til fagfeltet.
Lars Ove har arbeidd som ovnspassar, syrepassar, strippar og diversemann i tungindustrien. Vidare har han vore anleggsarbeidar (rett nok berre hjelpearbeidar) i fjellheimen knytt til vestnorsk vasskraftutbygging. Han har også erfaring frå ulike former for kulturarbeid, både bakoverskuande og framtidsretta. Dei siste åra har han hovudsakleg arbeidd med forsking og undervisning.
(Kilde: Cappelen.no)