Open splid i regjeringa

SPLITTA OM EU: Statsminister Jens Stoltenberg tok med seg ein rekordstor delegasjon til EU denne veka. Men fleirtalet for EUs tenestedirektiv i regjeringa er syltynt. Foto: Scanpix.
SPLITTA OM EU: Statsminister Jens Stoltenberg tok med seg ein rekordstor delegasjon til EU denne veka. Men fleirtalet for EUs tenestedirektiv i regjeringa er syltynt. Foto: Scanpix.
Artikkelen fortsetter under annonsen

<pSamstundes som Jens Stoltenberg pressar saka gjennom i Ap, går Sp-leiar Liv Signe Navarsete kraftig ut mot EUs tjenestedirektiv. </p

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Etter eit forseinka gruppemøte orienterte statsminister Jens Stoltenberg pressa om at partiet kjem til å anbefale tenestedirektivet.

Dermed har Stoltenberg sikra seg eit hårfint fleirtal for direktivet. Heile ni statsrådar går imot vedtaket, medan ti har stemt for.

Samtlege statsråder frå Senterpartiet og SV stemmer mot direktivet.

Samstundes som Stoltenberg tvinger gjennom ei løysing på den interne direktivkonflikten, går Navarsete hardt ut og slår fast at Sp vil stemme mot direktivet.

Redd for svekka arbeidsrettar

Det kom fram etter eit hasteinnkalla fylkesleiarmøte i Senterparitiet torsdag morgon.

Bakgrunnen for motstanden er at direktivet, ifølge Sp, opnar for at norske styresmakter ikkje lenger kan verne om arbeidstakarrettane på same måte som tidlegare.

– Tenestedirektivet fastslår at den «nasjonale arbeidsretten skal respektere fellesskapsretten». Aksepterer ein dette, aksepterer ein at EU-domstolen sin rettspraksis skal overstyre norsk arbeidsrett. Det er Senterpartiet i mot, seier fylkesleiarane.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Navarsete er glad for det klare signalet.

Fleirtal mot EU

– Eg har drøfta saka med fylkesleiarane i dag og dei har gjeve samrøystes støtte til mitt syn. Eg er glad for eit så klart råd, og vil difor innstille overfor sentralstyret i morgon at vi skal seie nei til tenestedirektivet, seier Liv Signe Navarsete.

Dermed blir tenestedirektivet trumfa gjennom, trass i at fleirtalet i regjeringa er EU-motstandarar.

Samtlege statsråder fra Senterpartiet og SV kjem til å stemme imot tjenestedirektivet. I tillegg er Arbeiderpartiet splitta i saka, og tre av statsrådane er imot EU.

Dei siste dagane har presset mot de tre, Trond Giske, Helga Pedersen og Anniken Huitfeldt auka kraftig.