100 millionar for å fjerne «Murmansk»

Skrapjernet i  «Murmansk» kan vere gull verdt for skraphandlarar. Men ingenting skjer om ikkje  regjeringa kjem på banen. Foto: Scanpix.
Skrapjernet i «Murmansk» kan vere gull verdt for skraphandlarar. Men ingenting skjer om ikkje regjeringa kjem på banen. Foto: Scanpix.
Artikkelen fortsetter under annonsen

<pFleire selskap står i kø å fjerne kryssaren «Murmansk» frå strandlinja i Sørvær. </p

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen


Totalkostnadane ved å fjerne vraket vil truleg liggje rundt 100 millionar kroner, anslår fleire kjelder i bransjen til ABC Nyheter.

Fiskeri- og kystminister Helga Pedersen vil foreløpig ikkje love at kryssaren «Murmansk» blir fjerna. Først skal Kystverket gjennomføre ei undersøking av forureiningsfaren, og personell frå Statens strålevern er no på plass ved vraket.

Dette er ikkje nok for ordførar i Hasvik kommune, Eva D. Husby, som i går var i Oslo.

- Vi er ikkje nøgde med at vi ikkje fekk nokon førehandslovnad på at vraket skal fjernast, seier Husby.

Men Husby slår seg ikkje til ro med svaret frå Pedersen. Uavhengig av prosessen i departementet har Hasvik kommune dialog med selskap som kan fjerne vraket.

- Vi kjem til å jobbe med ulike aktørar som er interessert i dette. Vi vet at det er forteneste på sal av metall. Vi vil gå i dialog med fleire av desse parallelt med arbeidet til Kystverket, seier Husby til ABC Nyheter.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det nye politiske fokuset på vraket, samstundes som prisane på skrapjern er rekordhøge, har fått fleire selskap til å vise interesse for rustholken i Finnmark.

Avslo fleire tilbod

Hausten 2004 sendte Hasvik kommune og selskapa Metall og Gjenvinning og Vefas IKS eit forslag til fiskeridepartementet. Kostnaden låg den gongen på 44,7 millioner kroner for fjerning av vraket. Dåverande fiskeriminister Svein Ludvigsen avslo søknaden, med bakgrunn i at vraket ikkje utgjorde ein «akutt fare for forureining».

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Selskapet Scandinavian Metall ba i 2003 om eit møte med fiskeridepartementet om fjerning av «Murmansk». Tilbodet blei avvist på av same grunn.

No vil departementet få nye søknader på bordet, så snart klarsignal til fjerning av vraket blir gitt.

Dagleg leiar i Metall og Gjenvinning i Bodø, Arnold Midthun følgjer utviklinga med interesse.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Vraket ligg no lenger nede i mudderet, noko som gjer fjerning vanskeligare. Samstundes gjer miljøgiftene prosessen dyrare. Men prisane på skrapjern er så høge at det blir svært gunstig for staten likevel, sier Midthun.

Dagleg leiar i Finnmark-selskapet Vefas IKS, Kjetil Romsdal, trur staten snart vil leggje ein bergingsoperasjon ut på anbud.

- Eg vil tru at det som er komme opp dei siste dagane vil sette fart i dette, seier Romsdal til ABC Nyheter.

Han anslår at totalkostnadane for å få fjerna «Murmansk» no vil liggje på rundt 100 millionar kroner. Det er ei dobling frå 2004. Men også Romsdal anslår ekstrautgiftene vil bli dekt av rekordhøge skrapjernprisar.

- Vi kunne fjerna vraket i 2005

Skandinavia Metall AS på Stord er ein av dei største på mottak og hogging av utrangerte oljeriggar.

Selskapet seier dei kunne ha fjerna vraket i 2005, dersom departementet hadde gitt dei garanti.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Kystverket sa at dette ikkje var prioritert fordi dei ikkje vurderte dette som eit forureiningsprosjekt. Dei hadde andre prosjekt som var høgare prioritert ut frå eit miljøsynspunkt, seier Gerhard Eide, dagleg leiar i Skandinavia Metall AS på Stord.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Merksemda kring vraket fører no til at selskapet viser ny interesse.

- Vi kjem til å sjå på kva som er mulig etter helga, seier Eide til ABC Nyheter.

Ein skam for landet

Bellona meinar det må stillast strenge krav til ein eventuell fjerning av vraket.

- For det første, burde dette vraket ha vore fjerna for lenge sidan. Nå må det legge meget solide miljøkrav i botn for dei som skal fjerne vraket. Men det treng ikkje medføre stor risiko. Det finns miljø i Noreg som har kompetanse til å gjøre dette, seier styreleiar Olaf Brastad i Bellona.

- Så er det alvorlig når folk i lokalsamfunnet føler frykt. Vi skal ikkje kimse av det. Det er skam for den rike nasjonen Noreg at man ikkje klarer å rydde opp her, seier Brastad.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Fiskeriminister Helga Pedersen vil ikkje kommentere interessa for å få fjerna vraket.

- Det er noko vi må komme tilbake til seinare. Eg kan ikkje i dag ta stilling til om vraket skal hevast, seier Pedersen.

Ingen forhøyede verdier

Statens strålevern er i gang med å ta nye målingar rundt vraket, men dei første undersøkingane tirsdag viste ingen forhøya verdiar av radioaktive stoffar, melder NRK.

Tirsdag undersøkte strålevernet dei øvre dekka på skipsvraket. I morgon vil dei halde fram og gå djupare ned i båten. Men mesteparten av vraket ligg under vatn, og der vil ikkje strålevernet komme til, opplyser Eikermann til NRK tirsdag kveld.