Vil aller helst sjå Johnny Depp

Johhny Depp er den Hollywood-skodespelaren som drar mest publikum til amerikanske kinoar. Her frå premieren på hans nye film «Sweeney Todd: The Demon Barber of Fleet Street» i Los Angeles førre månad. (Foto: AP/Scanpix)
Johhny Depp er den Hollywood-skodespelaren som drar mest publikum til amerikanske kinoar. Her frå premieren på hans nye film «Sweeney Todd: The Demon Barber of Fleet Street» i Los Angeles førre månad. (Foto: AP/Scanpix) 
Artikkelen fortsetter under annonsen

Johnny Depp er den Hollywood-skodespelaren som trekk flest amerikanarar til kinoane.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det amerikanske publikumet er derimot mindre interesserte i kvinnelege skodespelarar, melder AP.

Det er resultatet av ei omfattande undersøking som det amerikanske forlaget Quigley har gjennomført.

Dei har spurd amerikanske kinoar om kva filmstjerner som genererer høgast billettinntekter for deira kinoar. Undersøkinga har blitt gjennomført sidan 1932, og det er første gong på 75 år at det ikkje har vore ei einaste skodespelarinne blant dei ti mest populære, trass i kassasuksessane til Katherine Heigl i «Knocked Up» og Keira Knightley i «Pirates of the Caribbean: At World's End».

Sist vi såg 44 år gamle Johnny Depp på lerretet her heime, var nettopp i filmen «Pirates of The Caribbean 3». Men det er ikkje lenge til vi får sjå han igjen. 22. februar har Tim Burtons filmatisering av den blodtørstige musikalen «Sweeney Todd» Noregspremiere, der Johnny Depp har hovudrolla som barberaren Benjamin Barker, og Helena Bonham Carter speler hans hemngjerrige makker Mrs. Nellie Lovett.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Johnny Depp og Helena Bonham Carter speler begge i Tim Burtons filmatiserte versjon av musicalen «Sweeney Todd». (Foto: Warner Bros./Sandrew Metronome Norge)Johnny Depp og Helena Bonham Carter speler begge i Tim Burtons filmatiserte versjon av musicalen «Sweeney Todd». (Foto: Warner Bros./Sandrew Metronome Norge)

Etter Johnny Depp, følgjer Will Smith, George Clooney, Matt Damon, Denzel Washington, Russell Crowe, Tom Cruise, Nicolas Cage, Will Ferrell og Tom Hanks på lista over Hollywoods mest populære skodespelarar.

Quigley har også spurd kven det amerikanske publikumet trur er komande filmstjerner. Då svarte dei fleste Shia LeBeouf frå «Transformers» og «Disturbia».

Tidlegare har Tom Cruise lege på førsteplass på lista heile sju gongar. Tom Hanks, Clint Eastwood, Burt Reynolds og Bing Crosby har alle lege på førsteplass fem gongar.