Preben Z. Møller: «Pen søker trygg. Hvordan kvinner undertrykker menn» (Kagge 2007, 173 sider)Sjåvinistisk sutring

Sjåvinistisk sutring
Sjåvinistisk sutring
Artikkelen fortsetter under annonsen

Preben Møller meiner det er hardt å vere mann. Eller kanskje han berre treng nye venner.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Foto:
Kari M. Hestad

Karakter: 2 av 10

Den nye trenden er sjå mannen som ein stakkar, eit offer og ein tapar i likestillingskampen. Mannen blir forbigått av kvinna i utdanningssystemet, i arbeidslivet og i barnefordelingssaker, han har dårlegare helse, døyr i gjennomsnitt fem år før kvinner, og toppar alle kriminalitets- og valdsstatistikkar.

Den nyutdanna sosiologen Preben Z. Møller følgjer opp klagesongen med boka «Pen søker trygg. Hvordan kvinner undertrykker menn», som kjem ut i desse dagar.

Påstanden til Møller er nettopp dette, at kvinner undertrykker menn. Målet med boka hans er å gjere lesarane bevisste dei teikna som avslører avsløre dette forholdet.

Mannen tar alt ansvar

Forfattaren er fødd i 1975, det internasjonale kvinneåret, og har vakse opp med likestillingstanken. Menn i hans generasjon har lært å sleppe kvinner til, i arbeidslivet og i samfunnet for øvrig, men ifølgje Møller finst det eit sosialt rom der likestillinga ikkje har klart å trengje inn, nemleg parforholdet (som i Møllers framstilling er einsbetydande med kvinne-mann-relasjonen).

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I kjærleiksforholdet lenar kvinna seg framleis på det tradisjonelle patriarkatet, hevdar Møller. Mannen er hovudforsørgjar, den som tar det økonomisk ansvaret og risikoen. Medan kvinnene no er i posisjon til å skumme fløyten av dei siste tiårs likestillingsarbeid, står mennene igjen med svarteper: ansvaret og dei økonomiske bekymringane.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Skarpe frontar

Møller vil provosere og skape debatt. Difor opprettheld og forsterkar han dei skarpe frontane mellom kjønna. Han opererer med eit heller kunstig skilje mellom «kvinnenes» og «mennenes verd» og hevdar det er kvinnenes skuld at eit «destruktivt mannsbilde» har fått fotfeste.

Møller gjev uttrykk for eit svært gammaldags syn på både kjønn og kjønnsroller. Det heterofile parforholdet, mann/kvinne, ligg til grunn for alt han seier. Hovudpoenget hans er at kvinner alltid vil velje den sosialt og økonomisk dominerande mannen. Kvinner søkjer nemleg tryggleik i partnaren, der menn søkjer «pen». Det mannlege kjønnsidealet «tryggleik» er ifølgje Møller endå meir undertrykkjande og invaderande enn kvinners påbod om å vere slanke og vakre, utan at han klarar å underbyggje dette synspunktet med vektig forskingsmateriale.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein frekk og freidig fyr

Den ovanfra og ned-haldninga som Møller kritiserer feministar for i boka, har han sjølv i fullt monn, noko som gjer det frykteleg irriterande å lese framstillinga hans. Innimellom verkar det også som han har sin eigen agenda, å stadfeste sin eigen identitet, sosiologen Preben Z. Møller, ein «freidig» Blindern-slamp som «gir faen» i konvensjonar, som skaper bølgjer i venneflokken med sine «frekke» utsegn, som høyrer på P2 og gjer narr av sine borgarlege middelklassevenner og kameratane frå oppveksten på Jæren. «Jeg tror nok de opplever meg som litt skarp i kantene, for jeg ser ikke så lett deres sårbarheter» seier Preben Z. Møller om vennane sine, og vi forstår at han rett og slett er ein sjølvhøgtidleg liten frekkas.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Forfattaren utleverer seg sjølv på komisk vis med følgjande historie:

Et eksempel kan være da jeg ble invitert på fest, og jeg på et tidspunkt spurte verten hva som var galt med henne siden hun var tretti og ikke gift ennå. For meg var dette en helt ok spøk i festlig lag, og konteksten var lystig og festlig. Hun var advokat og så på alle måter ut som en sterk og selvstendig karrierekvinne, og jeg regnet med en slags frekk kontring. I stedet ble hun dødelig fornærmet, og igjen måtte jeg reddes av vennene mine.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det må vere slitsamt å ha Preben som venn, og heile tida måtte hjelpe han ut av dei mange pinlege situasjonane som oppstår på grunn av hans manglande sosiale intelligens. Men kva slike historier er meint å gi meg som lesar, i ei bok som vitterleg skal handle om kvinner undertrykking av menn, forblir meg ei gåte.

Tvilsam forsking

Den såkalla forskinga som ligg til grunn for argumentasjonsrekkja, er mildt sagt tvilsam. Størstedelen byggjer på samtalar med «mennesker jeg kom i kontakt med på arbeidsplassen min, venners venner, i treningssammneheng og på universitetet». Døma hentar han frå sin eigen, snevre venneflokk, og utsegn som «[p]å samme måte som Jørgen, var også min venn, Even, spilt ut på sidelinjen» er gjennomgåande.

Eit råd til deg, Preben: Skaff deg nye venner.Det er her snakk om venner av forfattaren, som, ifølgje Møller, taper på kjønnsmarknaden fordi dei anten ikkje har stor nok leilegheit (som Jørgen) eller fordi dei (som Even) er småvokste (!).

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Å tru at ein kan bruke erfaringar frå to-tre kompisar til å trekkje hårreisande konklusjonar om rådande samfunnsforhold, er i beste fall naivt.

Eit råd til deg, Preben: Skaff deg nye venner. «I ni av ti tilfeller jeg kjenner til, har det vært jenta som har flyttet inn til gutten», skriv forfattaren. Vel, då kan underteikna slå i bordet med motsett statistikk. I min vennekrets har tendensen heller vore at fattige mannlege kunstnarar, vere seg hardt prøvde musikarar eller dokumentarfilmregissørar, flyttar inn til jentekjærasten som har vald eit fornuftig yrke som lærar og sjukepleiar, og lét seg forsørge av ho. Men eg ville aldri av den grunn ha kome på ideen om å skrive bok og gå ut frå at det her var snakk om ein dominerande samfunnstendens.

Dårleg research

Møller har også gjennomført intervju, og valt seg informantar som i stor grad vil gjenspegle hovudtesen hans. Unge jenter utan utdanning og ti år eldre menn som tener godt. Klart at Møller får dei resultata han er ute etter med eit slikt dårleg utval av informantar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Og får han svar som ikkje passar inn i hans bilde av røyndommen, er han snar til å høvle utsegna ned med ironiske kommentarar. Som når han driv research på «Odeon», ein av Oslos meir snobbete utestader, der menn scorer høgt på «trygg» og kvinner høgt på «pen», ifølgje Møller. Kvinnene som vankar der, karakteriserer han som skruppellause golddiggerar som «sikter høyere enn å ha råd til pålegg på skiva»:

Artikkelen fortsetter under annonsen

Jeg spurte golddiggeren hva hennes tidligere kjæreste holdt på med, og hun sa at han «kjøpte, fikset og solgte bedrifter». Han tjente visstnok ett til to hundre tusen i måneden og hadde noen bra bonusordninger i tillegg. Jeg tviler ikke. Deretter fortalte hun om hvordan han hadde vist seg å være psykopat, selv om jeg tviler på dette, og så fortalte hun meg hvordan penger ikke spiller noen særlig rolle for henne. Riktig.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Møller trekk altså informanten sine utsegn i tvil, fordi han allereie har definert ho (ut frå yrket som frisør og hennar vakre og påkosta utsjånad) som golddigger. Slike sleivspark bidreg ikkje til mi oppfatning av Møllers argumentasjon som særskild truverdig.

Polemisk og bitter

Prosjektet til Møller kunne ha vore interessant. For det klart at det gjenstår mykje før vi har eit kjønnsrettferdig samfunn, og at ikkje berre mennene, men også kvinnene må seie frå seg goder og fordelar i kampen mot kjønnskonservative, patriarkalske verdiar. Retten til fødselspermisjon er eit døme på eit gode som tidlegare var forbeholdt kvinner, men som dei no i stadig større grad må dele med mannen. At det i den gammaldagse mannsrolla finst undertrykkjande element som likestillingsforkjemparar må ta like alvorleg som dei mekanismane som undertrykkjer kvinner, er eit faktum som i dag bør vere framme i bevisstheita til alle som kallar seg feminist.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Men det som kunne ha blitt eit tankevekkjande og opplysande innlegg i den pågåande mannsrolledebatten, blir dessverre ikkje anna ein eit polemisk, bittert, og tidvis også latterleg forsvarsskrift, som i svært liten grad er tufta på seriøs argumentasjon og kvalitetssikra forsking.

«Pen søker trygg» kunne ha blitt eit vektig innlegg. Men då måtte ho ha blitt skriven av nokon andre enn Preben Z. Møller, som øydelegg sine få, gode argument med dårleg språk og ei sjølvhøgtidleg forfattarstemme.

Les fleire litteraturanmeldelser i ABC Nyheter