- Ingen modellar under 16 år

- Ingen modellar under 16 år
- Ingen modellar under 16 år
Artikkelen fortsetter under annonsen

Men ingen nye vekt-reglar for supertynne modellar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Framleis tynne modellar
Den tyske designaren Karl Lagerfeld, som blant anna står bak Chanel, sa nyleg: «Vi ser ikkje anorektikarar. Jentene er tynne. Dei har tynn beinbygning.» Ifølgje dei nye reglane for London Fashion Week vil det heller ikkje i framtida bli slutt på supertynne modellar. Men dei vil ikkje lenger ha modellar under 16 år. (Foto: Scanpix)

Ein modell viser Karl Lagerfeld sin kolleksjon. (Foto: Scanpix)Ein modell viser Karl Lagerfeld sin kolleksjon. (Foto: Scanpix)

Modellar under 16 år skal vere bannlyste frå catwalken, designarar skal trenast til å hjelpe modellar med eteforstyrringar og moteshow skal vere fri for narkotika.

Dette er nokre av krava som no blir stilt til moteindustrien, melder the Guardian.

Retningslinjene har blitt utforma av the Model Health Inquiry, som ein konsekvens av rabalderet som oppstod på grunn av ultratynne modellar under fjorårets London Fashion Week. I gruppa satt både helsearbeidarar, designarar og supermodellar.

- 40 prosent har eteforstyrringar

Den uavhengige studien valde å fokusere på andre problemstillingar enn vekt, som til dømes lange arbeidsdagar og, spesielt, bruken av modellar under 16 år.

Spørsmålet kring vekta til modellane var likevel uunngåeleg under gårsdagens pressekonferanse der rapporten blei presentert.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ifølgje doktor Adrienne Key, direktør for avdelinga for eteforstyrringar på Priory hospital, skal så mange som 40 prosent av modellane ha eteforstyrringar , og nesten alle modellane som gruppa prata med, skal ha innrømma å ha eit «usunt forhold til mat».

Rapporten gjekk likevel imot forslaget om å operere med ein standard BMI som modellane må opp i.

Eit forslag som var vurdert, var om modellane skulle gjennomgå tilfeldige narkotikatestar og risikere bøter og utestenging om dei blei tekne for misbruk. Men Sarah Doukas. grunnleggjar av Storm modellbyrå og kvinna som oppdaga Kate Moss, var ueinig i dette:

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

«Eg ville ikkje gi dei bøter, eg ville prøve å hjelpe dei. Om det held fram med å vere eit problem for den eine modellen, ja, då må du foreta deg noko og ein gong måtte eg gi ein modell sparken, det var ei ekstremt smertefull erfaring».

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Ikkje streng nok

Kritikarar meiner at at rapporten ikkje er streng nok og seier dei er skuffa over utfallet. «Vi blei lurt til å tru at denne undersøkinga ville føre til anbefalingar som faktisk ville verne dei unge modellane i London Fashion Week mot utnytting og sjukdom. Om ikkje vi får noko reell handling vil helsa til våre unge modellar halde fram med å lide,» seier Dee Doocey, kulturell talskvinne for Liberaldemokratane.

Ifølgje the Guardian har hovudproblemet til panelet vore at dei mektigaste designarane ikkje er britiske, men italienske, franske og amerikanske, og dei føretrekk ofte å bruke svært tynne modellar. For mange i bransjen er det slik at jo tynnare modellen er, jo meir fasjonabelt må klesmerket vere.

Rapporten stiller også spørsmål ved om britiske modellar som ikkje blir oppmuntra til å slanke seg, kan få trøbbel med karrieren i til dømes Paris, Milano og New York.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Også andre moteveker, i Madrid og Milano, har sagt at dei skal ta grep for å utestenge usunne modellar frå catwalken. Men ifølgje rapporten er det ingenting som tyder på at Milano faktisk har satt i verk slike tiltak.

Retningslinjene som The Model Health Inquiry er ikkje internasjonale, men skal gjelde for neste moteveke i London. Sjølv om også dette kan bli problematisk, då det er uklårt kven som skal handheve reglane.

Anbefalingar:

- Setje i gang helseopplæring i industrien, blant anna workshops om eteforstyrringar.

- Sikre eit sunt backstage-område for modellane på showa, med god kvalitetsmat.

- Modellbyrå skal sikre regelmessige helseundersøkingar og rekruttere erfarne modellar som mentorar for yngre modellar

- Opprette ei eiga fagforeining for modellar

- Modellar under 16 år skal ikkje få delta på London Fashion Week

- Eit formelt lisenssystem for modellbyrå skal etablerast

Relaterte saker:

Nei til forbud mot syltynne modeller