Madeleines foreldre til Tyskland

Madeleines foreldre til Tyskland
Madeleines foreldre til Tyskland
Artikkelen fortsetter under annonsen

Foreldra til den sakna jenta Madeleine McCann leiter over heile Europa.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
I Spania
Gerry McCann held oppe eit foto av dottera Madeleine under ein pressekonferanse i Madrid for nokre dagar sidan. Dei besøkte Madrid etter å ha møtt Paven førre onsdag. (Foto: Scanpix/Reuters/Stringer)

Kate og Gerry McCann trålar Europa etter informasjon om deira fire år gamle dotter, som no har vore forsvunne i 33 dagar. Dei har allereie vore i Spania og Italia, no står Tyskland for tur, melder Sky News.

Dei flyr til Berlin i ein privat jet som ein anonym velgjerar har skaffa dei, der dei skal gjennomføre ei rekkje møte og intervju.

I Tyskland håpar dei å møte landets justisminister Brigitte Zypries eller borgarmeistaren i Berlin, Klaus Wowereit, før dei set kursen mot Amsterdam.

Ekteparet skal ha ha budd eitt år i Nederland med Madeleine, medan Kate McCann var gravid med tvillingane.

Jazzkonsert for Madeleine

Torsdag vil dei reise tilbake til Algarve for å rekkje ein jazzkonsert som skal arrangerast i Madeleine sitt namn i Lagos.

Dei planlegg også ein tur til Rabat i Marokko, moglegvis på søndag.

Ekteparet McCann, som kjem frå Leicestershire i England, skal nyleg ha møtt politiet for ei oppdatering kring etterforskinga. Sist dei møtte politiet var 24. mai, då dei overtalte etterforskarane til å frigje eit signalement av den mistenkte.

I kveld vil ekteparet delta i BBC-programmet «Crimewatch» der dei vil kome med ein ny appell om hjelp til å finne Madeleine.