Miljøgifter i babyar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Babyar blir eksponerte for miljøgifter som blant anna stammar frå forbruksprodukt som elektronikk, teflonpanner, kosmetikk og plast.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK):

Det viser ein ny rapport frå WWF og Greenpeace.

Navlestrengsblod frå nyfødde babyar og blod frå nybakte mødrer er analyserte for ei rekkje kjende helse- og miljøfarlege stoff.


Alle prøvene viste seg å innehalde stoff som kan vera skadelege for helse og miljø. Blant anna vart det påvist PFOA i nesten alle prøvene. Dette blir brukt i produksjon av til dømes teflon og er mistenkt for å kunne gje leverskade.

Greenpeace og WWF trekkjer ingen klare konklusjonar om mengdene av dei påviste stoffa er nok til å gje helseskade, men er sterkt uroa over at så mange forskjellige miljøgifter blir påvist i menneske, skriv grønnhverdag.no. (NPK)


Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk