Kvensk er vorte pop

Artikkelen fortsetter under annonsen

På stutt tid er kvensk vorte det mest populære språkstudiet ved Universitetet i Tromsø.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Faget kom i gang i vår, og over 40 studentar har til no avlagt språkeksamen.

- Dette er uvanleg mange studentar. Ei av årsakene til populariteten kan vera at dette er eit nytt studium, og at fleire har venta på at det skulle starta. Ei anna årsak kan vera revitaliseringa av det kvenske språket som vi har opplevd i det siste, seier leiar for Institutt for språkvitskap på Universitetet i Tromsø, Endre Mørk, til NRK Nordnytt.

Kvensk er nærskyld gamalfinsk, og er språket til etterkomarane etter dei som vandra inn til Noreg frå finske og svenske nordområde for fleire hundre år sidan. Det bur kring 30.000 kvenar i Noreg, men berre eit par hundre av dei kan lesa og skriva kvensk.

Leiar i Norske Kveners Forbund, Helge Huru, er glad for at fleire no får innsyn i det kvenske språket.

- No kan vi redda eit språk som er i ferd med å forsvinne, seier han. (NPK)

Les meir om kvensk i Wikipedia

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving