Oh, honey

Artikkelen fortsetter under annonsen

Søt, klissete og gylden honning er eit vidundermiddel for mørke haustkveldar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Har du inntatt hauststillinga oppi godstolen, med bok, pledd og ein kopp te med honning i? Eller har du allereie fått den første haustforkjølinga, og er i ferd med å kurere den med varm mjølk med honning?

Biene er flittige, og står på for å skaffe honning til seg sjølv og oss.Biene er flittige, og står på for å skaffe honning til seg sjølv og oss.

Uansett, her får du litt om honning som du kanskje ikkje visste frå før. Eller, viss du visste det, så hadde du kanskje gløymt det.


Erotisk metafor


Språkforskaren Helene Uri har

forska på namn

på det kvinnelege kjønnsorganet. Ho fann 243 norske ord for det vi til dømes kan kalle honninggrotta.

Viss du ikkje heller kallar det elskovshola, himmeriket eller kjærleikstunnelen. På leiting etter Ole Brum- historien på nettet, fann vi ut at også ordet honningkrukke er ein mykje brukt erotisk metafor.

Oh, honey


Når vi er i det erotiske honninghjørnet, må vi nemne skikken med å kalle kjærasten sin for honey. Dette funkar kanskje ikkje så godt på norsk, - kan du ta oppvasken, honning?

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er dei flittige biene som lagar honningen. Birøktaren berre haustar han.Det er dei flittige biene som lagar honningen. Birøktaren berre haustar han.


Godkjend koshermat


Rettruande jødar skal berre ete mat som er såkalla kosher. Insekt er ikkje kosher, i følgje bibelen, og ein skal ikkje ete produkt av eller frå dyr som ikkje er godkjende av gud.

Men honningen er likevel

godkjend

, fordi han ikkje kjem direkte frå biene, dei berre oppbevarer han inni kroppen sin ei stund, og tilbereder han litt.

Bli ei bie


Korleis lagar ein honning? Jau, her er oppskrifta: Først må du bli ei bie. Så hentar du nektar frå blomar, dreg ut vatn av nektaren og tilset enzym. Det er ein tidkrevjande prosess dette, faktisk må biene besøkje 20 millionar blomar for å produsere eit kilo honning.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det blir over 60 000 flyturar, det. Med andre ord er det ikkje utan grunn at vi snakkar om flittige bier.



Best å ta på seg godt med tette klede når ein skal røkte bier. (Foto: Wikipedia)Best å ta på seg godt med tette klede når ein skal røkte bier. (Foto: Wikipedia)

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eller kanskje birøktar


Viss du ikkje har lyst til å bli bie, eller synest det høyrest litt strevsamt ut med all den flyginga, kan du bli birøktar. Birøktaren henter honningen ut av kubane ved å slynge dei i ei slags sentrifuge.

Det trengs ein del utstyr til dette, og ikkje minst må du ha beskyttande klede som gjer at du ikkje får alt for mange stikk. Elles kan birøkt vere ein spennande og til og med innbringande hobby, fortel

Honningsentralen

.


Får sår til å gro


Fleire kjerringråd tilrår honning mot forkjøling, og heilt sidan oldtidas Egypt har vidundermiddelet også blitt brukt til å lækje sår og infeksjonar. Vitskapen har og funne belegg for at honning ikkje berre er godt, men også sunt.

Biene kan lage honning av mange forskjellige blomar. Her samlar ei bie nektar frå ein krokus.Biene kan lage honning av mange forskjellige blomar. Her samlar ei bie nektar frå ein krokus.

Forskarar frå

New Zealand

fann ut at honning lækjer betente operasjonssår betre enn antibiotika. Men det er ikkje same kva honning ein bruker, fann dei ut. Den mest lækjande honningen var laga av bier som hadde henta nektar frå tetre i Australia og på New Zealand.

Artikkelen fortsetter under annonsen


Litt farleg og


Er det noko ein kan kritisere honningen for i det heile? Jau, det finst faktisk ein skummel bakterie som heiter Clostridium botulinum. Det er den same bakterien som kan skape trøbbel viss ein har ete forureina rakfisk, grava fisk og spekjemat. Denne bakterien kan ein av og til finne i små mengder i honning, og derfor bør ein ikkje gje honning til barn under eitt år.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Av same grunn skal ein ikkje prøve seg på heimebehandling med honning i sår, men heller late det bli opp til lækjarane.

Når vi er over eitt år, greier forresten magesyra å nøytralisere bakterien slik at han ikkje byrjar å produsere lumske giftstoff og symptom.

Ole Brumm er kanskje den største honningelskaren i litteraturhistoria. Her saman med venene Kristoffer Robin og Tussi.Ole Brumm er kanskje den største honningelskaren i litteraturhistoria. Her saman med venene Kristoffer Robin og Tussi.

Lær av Ole Brumm


Ein som verkeleg set pris på honning, er Ole Brumm. Ein gong var han på besøk hos Petter Sprett, og der åt han så mykje honning at han ikkje kom ut igjen då han skulle gå. Det verste var at han ikkje kom inn igjen heller. Han blei sitjande fast i døropninga og kom verken fram eller tilbake.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sprett hadde heldigvis ein naudutgang der han sjølv kunne kome og gå, og fann fort ut at han kunne bruke Brumm som tørkestativ. Brumm var ikkje særleg nøgd med situasjonen, men måtte pent bli der til han blei litt tynnare. Til slutt kom heile banden av Spretts slekt og vener og drog han laus.

Moralen er, som vanleg: For mykje av det gode er herleg, men det kan få konsekvensar.

Les meir på nettet:


ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving