Pionerdykkarar på utstilling

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dykkarane la grunnlaget for oljeeventyret til landet vårt. Men jobben deira var farleg og mange slit med store helseskader etter dykkinga. No er historiene deira utstilte i oljebyen Stavanger.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

I utstillingslokalet Kulturtorget på Sølvberget Kulturhus i Stavanger blir eg møtt med sylskarpe andlet i svart-kvitt. Fotograf Fin Serck-Hanssen har portrettert 34 dykkarar, 33 menn og ei dame.

Valerie Fasotte fortel om tøffe tak som dykkar. (Foto/ Copyright: Fin Serck-Hanssen)Valerie Fasotte fortel om tøffe tak som dykkar. (Foto/ Copyright: Fin Serck-Hanssen)

Journalist Jan Rustad har intervjua dykkarane, og historiene deira kan ein lese i den fyldige katalogen som følgjer med utstillinga. Det er sterke historier som blir fortalde, om ei svimlande utvikling som gjekk på bekostning av menneskeliv. Her møter ein enkeltmenneska bak historia og ser kva dei ofra for oljeeventyret.

Mange døde


Det finst 65 verifiserte dødsfall blant dykkarane på norsk og britisk side i Nordsjøen, og truleg er det reelle talet langt høgare. 20 av pionerdykkarane har dessutan tatt sine eigne liv, 120 av dei gjenlevande er erklært heilt uføre, medan rundt 30 er delvis uføre.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Den einaste dama blant pionerane heiter Valerie Fasotte, er fransk og kom til Noreg i 1972. Ho fortel om mange tøffe tak som dykkar.


Kalde drakter


I byrjinga hadde dykkarane berre tørrdrakter, fortel Valerie i katalogen. Dei var tynne og iskalde, og ein kunne fryse i hel på botnen. Etter kvart vart draktane varmare, den første utgåva var utstyrt med eit elektrisk element innvendig. Det gjekk fint heilt til drakta blei slitt, då fekk dykkarane plutseleg metallet tett inn på kroppen og fekk støt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Einar Andersen, og fleire andre av dei portretterte dykkarane, var med på å rydde opp etter Alexander Kielland-ulykka i 1980, der 123 menneske omkom. (Foto/ Copyright: Fin Serck-Hanssen)Einar Andersen, og fleire andre av dei portretterte dykkarane, var med på å rydde opp etter Alexander Kielland-ulykka i 1980, der 123 menneske omkom. (Foto/ Copyright: Fin Serck-Hanssen)

Draktene var aldri heilt tette, fortel Valerie. Byrja maska å lekkje, var det ikkje snakk om å avbryte jobben, det var berre å tette holet med den eine handa, og gjere det ein skulle med den andre, til jobben var ferdig. Avbrot i jobbinga kosta selskapet titusenvis av dollar i timen, så småting som ei lekk maske eller helseplager var ikkje noko ein hadde råd til å ta omsyn til.

Artikkelen fortsetter under annonsen


Ei lang liste


Helseplager har dei alle saman, dei 34 dykkarane som er portretterte på Kulturtorget. I ettertid slit dei med søvn- og konsentrasjonsproblem, øyresus, svimmelheit, skjelettplagar, byrjande afasi; lista er lang.

Einar Andersen blei med på eit såkalla verifisjonsdykk på 250 meter i 2002. Dykket blei gjort under kontrollerte former i laboratoria til Norsk Undervannsintervensjon i Bergen, og skulle bevise at det ikkje er farleg å dykke i Nordsjøen. Etter det dykket blei han aldri den same igjen. Han kjende seg dårleg under heile dykket, og har slitt med balanseproblem og mykje hovudverk sidan.

Dykkarane fortel utrulige historier om vener som døydde på jobb, eit uendeleg tal nestenulykker og svært dårlege tryggleiksrutinar. (Foto/ Copyright: Fin Serck-Hanssen)Dykkarane fortel utrulige historier om vener som døydde på jobb, eit uendeleg tal nestenulykker og svært dårlege tryggleiksrutinar. (Foto/ Copyright: Fin Serck-Hanssen)

Einar, og fleire andre av dei portretterte dykkarane, var med på å rydde opp etter

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Alexander Kielland-ulykka

i 1980, der 123 menneske omkom.

- Då vi kom ned hadde vi kjensle av å sjå folk overalt på botnen. Men det viste seg å vere overlevingsdrakter ingen rakk å ta på seg, fortel Einar frå oppryddinga etter Alexander Kielland.

Dykkarane fortel utrulege historier om vener som døydde på jobb, eit uendeleg tal nestenulykker og svært dårlege tryggleiksrutinar.


Rettssak i haust


Kampen om erstatning pågår framleis, og i haust blir det rettsak der tidlegare nordsjødykkarar stemner 42 topp-politikarar og embetsmenn, inkludert alle norske statsministrar frå Gro Harlem Bruntland til Jens Stoltenberg. Kravet er at staten vedkjenner seg ansvaret for skadane kvar enkelt dykkar blei påførd, og at dei får ei verdig erstatning.

Les meir på nettet:

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving