Jetlag kan vere helsefarleg

Artikkelen fortsetter under annonsen

Hyppige langdistanseflygingar kan vere helseskadeleg, viser ei fersk undersøking omtalt i Dagens Næringsliv.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Illustrasjonsfoto: Alf Ove Hansen / Scanpix)(Illustrasjonsfoto: Alf Ove Hansen / Scanpix)

(NPK): Dei fleste er kjent med at jetlag fører til trøttleik og konsentrasjonsproblem. Men konsekvensane kan vere verre.

Forskarar frå University of Virginia i USA har undersøkt om folk som er plaga med jetlag, utset seg for helserisiko.

Forskinga er basert på ein studie med mus som i åtte veker blei utsette for simulert jetlag gjennom påverknad av lys, slik at det tilsvarte ein flytur mellom Washington og Paris. Og resultata var oppsiktsvekkjande. Spesielt dei eldre musene såg ut til å lide på grunn av jetlaget. 53 prosent døydde når dei blei utsett for simuleringa kvar veke.

Det vil no bli undersøkt om dette også kan vere alvorleg for menneske. (NPK)