Sjølvstyrande bilar: Kven må døy?

Kven må døy: to menn eller to pensjonistar? Se video.
Artikkelen fortsetter under annonsen

Viss ikkje alle kan reddast, skal den sjølvstyrande bilen velje å ofre passasjerane eller drepe tilfeldige fotgjengarar?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Om ikkje lenge kan vi få dei fyrste sjølvstyande bilane på norske vegar. Bilselskapa BMW, Audi og Volvo tek opp kampen med Google sin sjølvstyrande bil, og Tesla har annonsert at alle bilane under produksjon får datamaskiner som kan handtere autopilot.

Ved å erstatte trøytte, sinte, fulle og uerfarne sjåførar, vil sjølvstyrande bilar kunne redusere talet på bilulykker med opp mot 90 prosent. Men trass i entusiasme og prestisje i å levere den første sjølvstyrande bilen, er det framleis mykje testing som står att før autonomien vert reell.

Sjølvstyrande drapsmaskin

Ved sidan av alle tekniske utfordringar, gir dei nye bilane også ein moderne versjon av eit utfordrande etisk dilemma, kjent som sporvognsproblemet. Det går om lag slik:

Eit tog er på veg mot ei gruppe uskuldige menneske som vert drepne dersom toget køyrer rett fram, med mindre du pensar toget over på eit sidespor, der berre éin uskuldig person vert drepen. Bør du dra i spaken og endre toget sin kurs?

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ei gruppe forskarar ved MIT har laga ein oppdatert versjon i form av eit dataspel der ein sjølvsyrande bil får akutt bremsesvikt på veg mot eit kryss. Du må velje kven som skal døy: Fotgjengarane eller passasjerane i bilen?

Utover i spelet får du presentert ulike variasjonar av scenarioet, der dei om bord i bilen til dømes er unge, gamle, tynne eller tjukke, og dei som står i vegkrysset til dømes er heimlause, hundar eller menn med koffert.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I kvart scenario må du ta stilling til kven som er mest verdt, og kva for liv det er viktigast å redde.

Kven må døy: passasjerane eller fotgjengarane? Foto: Skjermdump frå moralmachine.mit.edu
Kven må døy: passasjerane eller fotgjengarane? Foto: Skjermdump frå moralmachine.mit.edu

Vanskelege dilemma

Er ei kvinne som kryssar vegen på raud mann meir verdt enn ein heimlaus, eldre mann? Vil du heller at den sjølvstyrande bilen skal drepe dei tre passasjerane enn dei tre som kryssar vegen? Også dersom det er tre gravide kvinner om bord i bilen?

I eit spel som Moral Machine er det lett å tenke at dette berre er uforpliktande tankeeksperiment der det ikkje finst noko fasitsvar. Men dei sjølvstyrande bilane må vere programmert med eit svar på kva dei skal gjere i situasjonar der liv står på spel, heilt på ekte.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Då er det ingen veg utanom slike vanskelege dilemma, og dei som får definere svaret, får stor makt.

Les også: I Westworld er alt lov. Er det greitt?

Kva vil folk ha?

I tillegg til det elektroniske spelet, har forskarane også testa kva folk synest om sjølvstyrande bilar. I ein rapport publisert i sommar kom det fram nokre viktige konklusjonar:

Folk flest vil at sjølvstyrande bilar skal minimere talet på personar som vert drepne, men folk flest er ikkje interesserte i å sjølv sitte i ein bil som ofrar passasjerane til fordel for ei gruppe fotgjengarar.

Om lag 2000 amerikanarar deltok i undersøkinga, og det kan sjølvsagt hende at folk i Noreg og Europa har andre haldningar. Funna peikar likevel på kor vanskeleg det er å sette verdiar på eige og andre sitt liv.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Denne øl-bilen kjører uten sjåfør

Oppsummering av verdisyn samanlikna med andre. Foto: Skjermdump frå moralmachine.mit.edu
Oppsummering av verdisyn samanlikna med andre. Foto: Skjermdump frå moralmachine.mit.edu

Verdien av eit liv

Korleis kjem Audi, BWM, Volvo og Tesla til å programmere sine sjølvstyrande bilar? Kjem bilprodusentane til å velje eit felles sett med algoritmar, eller vil ulike modellar handle ulikt? Er det bilselskapa eller lovverket som skal bestemme kva bilane skal gjere, og kva kan vi som passasjerar ha å seie?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein sjølvstyrande bil gir ro og fred, heilt til du forstår at datamaskina under panseret har talfesta verdien av livet ditt. Er du fortsatt like interessert i å la autopiloten handtere rushtrafikken?

Prøv Moral Machine her: moralmachine.mit.edu

Les også:

Nyhet fra Tesla: Alle bilene skal være selvkjørende

Denne øl-bilen kjører uten sjåfør

Krever «svart boks» i selvkjørende biler

Saken ble først publisert på framtida.no.