Meny

FBI åtvarar mot bil-hacking

Amerikanske styresmakter åtvarar mot bil-hacking. Illustrasjonsfoto: Colourbox.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

– Bilar blir stadig meir sårbare for angrep.

Det føderale amerikanske politiet FBI, og amerikanske vegstyresmakter kom i går, torsdag, med ei åtvaring til bilførarar og bilprodusentar om faren for at bilar kan bli hacka.

Tok kontroll over brenser og framdrift

Fleire studiar det siste året har vist kor sårbare nyare bilar kan vera for hackar-angrep.

I fjor tok to hackarar kontroll over bilen til ein journalist frå Wired, ein Jeep Cherokee, medan han køyrte i over 100 km/t. Gjennom stereoanlegget i bilen, som var kopla til internett, fekk dei kontroll over alt frå bremser og girsystem til air-condition og vindaugsviskarane. Heldigvis for journalisten hadde dei ikkje vonde planar. Dei ville berre visa kor sårbare systema til bilane er.

LES OGSÅ: Åtvarar mot politi-hacking

Ber bileigarar passa på

FBI og amerikanske vegstyresmakter kjem med ei rekkje råd om korleis ein kan redusera risikoen for å bli hacka, mellom anna at bileigarar bør passa på at programvaren i bilen er oppdatert og kven som har tilgang til bilen.

Dersom du mistenkjer bilen for å vera hacka ber dei om at du ser om det har kome oppdateringar til programvaren og at du kontaktar ein autorisert bilverkstad eller bilfabrikanten.

LES OGSÅ: Slik unngår du kø med Google

Motor
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus