Meny

Førarlause bilar kan ta vekk behovet for nye motorvegar

Slik vil den nye E18 mellom Strand i Bærum og Asker ta seg ut, ifølge Statens Vegvesen - sett fra Ramstadsletta mot Blommenholm i Bærum. Ny E18 kan koste 40 milliarder. Illustrasjon: Statens Vegvesen
Slik vil den nye E18 mellom Strand i Bærum og Asker ta seg ut, ifølge Statens Vegvesen - sett fra Ramstadsletta mot Blommenholm i Bærum. Ny E18 kan koste 40 milliarder. Illustrasjon: Statens Vegvesen
Milliardane som Stortinget vil bruka på motorvegar rundt byane kan bli bortkasta når førarlause bilar blir vanleg.

På måndag skal politikarane på Stortinget vedta Nasjonal transportplan. Regjeringa føreslår å bruka 1064 milliardar kroner på å byggja vegar, jernbane og andre utbyggingar dei neste 12 åra.

Halvparten skal brukast på vegbygging – og ein stor del av desse milliardane skal gå til nye og utvida motorvegar rundt dei største byane i Noreg.

– Radikalt annleis transportframtid

Men transportplanen viser til fleire studiar som utfordrar behovet for nye motorvegar rundt dei store byane.

Mellom anna viser dei til ein rapport av International Transport Forum (ITF) som viser kva som kan skje viss ein erstattar alle bil- og bussturar i ein mellomstor europeisk by med sjølvkøyrande bilar frå dør til dør:

  • me treng berre tre prosent så mange bilar som i dag
  • køane blir eliminert
  • klimagassutsleppa blir kutta med ein tredjedel
  • køyretøyflåten tar berre fem prosent av parkeringsarealet
  • talet på køyretøykilometer blir redusert med 37 prosent

Regjeringa oppsummerer studiane med å visa til at transportframtida kan bli «radikalt annleis enn dagens».

Saken fortsetter under bildet

Sjølvkøyrande bilar kan bruka sensorar og kommunisera med kvarandre slik at dei treng mindre avstand og aukar flyten i trafikken. Foto: U.S. Department of Transportation
Sjølvkøyrande bilar kan bruka sensorar og kommunisera med kvarandre slik at dei treng mindre avstand og aukar flyten i trafikken. Foto: U.S. Department of Transportation

Ford: Bilar utan ratt i 2021

Framtida.no skreiv om sjølvkøyrande bilar i 2011, såg dei fleste på dette som noko som låg i ei fjern framtid. Men utviklinga har gått fortare enn mange rekna med.

Saken fortsetter under videoen: Norges første selvkjørende buss

Tidlegare i år opna Noregs første sjølvkøyrande bussrute på Forus utanfor Stavanger.

Dei fleste store bilprodusentane er i full gang med å testa ut bilar som køyrer heilt på eigenhand.

Tesla sa i fjor at alle Tesla-bilar blir utstyrt med avanserte sensorar og kamerautstyr som vil gjere dei i stand til å tilbakelegga lange strekningar utan at sjåførar treng å halda i rattet eller trykkja på pedalar.

Ford seier dei vil levera masseproduserte bilar heilt utan ratt og pedalar frå 2021. Uber har allereie testa ein førarlaus versjon av Fusion-modellen til Ford i over eitt år.

Ifølgje ein rapport for det britiske samferdselsdepartementet er det først når talet på sjølvkøyrande bilar kjem over 50 prosent at ein vil sjå vesentlege forbetringar av kapasiteten på motorvegar.

Kva tid dette vil skje, er usikkert. Men det er langt frå usannsynleg at sjølvkøyrande bilar blir vanleg i løpet av dei 12 åra som Nasjonal Transportplan dekkjer.

– Gigantisk veddemål

Langt frå alle er samde i planane til regjeringa om å byggja vegar for milliardar som det er usikkert om det er bruk for når dei etter planen skal stå ferdig.

– E18 blir eit veddemål til 40 milliarder kroner på at selskap som Ford, Tesla, GM og Volvo ikkje lukkast med å laga sjølvkøyrande bilar, sa Andreas Halse (Ap) til Aftenposten tidlegare i år.

Leiar i Unge Venstre, Tord Hustveit, seier til Framtida.no at sjølvkøyrande bilar blir ei stor omvelting.

– Det er nok ingen som ser rekkevidda av utviklinga.

Hustveit meiner bygging av ny E18 vest for Oslo like gjerne kan sjåast på som eit byutviklingsprosjekt der vegen blir lagt under bakken.

– Men tida for store kapasitetsaukande investeringar er forbi, legg han til.

Les også:FpU: Tvilar på forbod mot menneskelege sjåførar

Bjørn-Kristian Svendsrud, formann i Fremskrittspartiets Ungdom (FpU).
Bjørn-Kristian Svendsrud, formann i Fremskrittspartiets Ungdom (FpU).

FpU: Treng større vegkapasitet

Formann i FpU, Bjørn-Kristian Svendsrud, støttar regjeringa sine planar om motorvegbygging rundt dei store byane, inklusive E18 vest for Oslo.

– Alt tyder på at behovet aukar for betre og større vegkapasitet rundt dei store byane grunna folkevekst og tilflytting, seier han til Framtida.no.

Han står fast på at det er trong for både meir kollektivtransport og meir vegbygging, trass i at det vil bli færre bilar når bilane byrjar å køyra sjølv.

– Kor mange bilar det blir i framtida, veit me lite om. Men som politikarar må me leggja til rette for mindre køar i framtida, seier han.

NAF saknar konkrete planar

Kommunikasjonssjef i Norges Automobil-Forbund, Inger Elisabeth Sagedal, meiner Nasjonal transportplan kunne vore meir konkret på korleis framtida skal sjå ut på vegane.

Ho trur me må venta til kring 2020 før me får heilt sjølvkøyrande bilar på vegane.

– Kva tid me vil sjå riktig mange sjølvkøyrande bilar, handlar òg om utskiftning av gamle bilar som ikkje kan oppgraderast med ny programvare og som manglar sensorane som trengst for at bilen skal kommunisera med vegen og andre bilar.

Sagedal seier til Framtida.no at ho er optimistisk og håpar bilbransjen vil innføra større høve for at bilane er sjølvkøyrande raskt, fordi det kan gi grupper som eldre og svaksykte nye høve for mobilitet.

Forskar: – Bilen tar for stor plass i byane

Forskingsleiar ved Transportøkonomisk institutt, Aud Tennøy (bildet), meiner det er usikkert kva effekt førarlause bilar vil ha på kapasiteten på vegane.

– Det kjem an på. Viss alle erstattar bilen ein sjølv har i garasjen med ein ny førarlaus bil, så kan det kanskje føra til meir trafikk. Det same vil skje dersom bilar som hentar passasjerane på døra vil erstatta kollektivtrafikk, gåande og syklande. På den andre sida, så kan ein førarlaus bil køyra meir effektivt, med mindre avstandar mellom kvar bil og med meir flyt. Det avheng mykje av korleis me vel å ta i bruk bilane.

– Generelt så legg ein i dag for stor vekt på å løysa dagens problem med det som skapte problemet i utgangspunktet. Me kjem oss ikkje ut av problemet med køar på vegane med meir motorveg. Dette viser forsking frå heile verda, seier ho til Framtida.no.

– Me må byggja byane slik at bilen ikkje blir viktig. Bilen tar for mykje plass i byane, påpeikar ho.

Les også:Sjølvkøyrande bilar: Kven må døy?

Saken er først publisert på Framtida.no

Annonse
Populært