Kjærasten til Victoria (23) døydde:– Ikkje ver redd for å snakke om døden

Victoria og Are møttest på Burger King i Stavanger. I 2015 flytta dei til Bergen, der Are var kokk og Victoria begynte på studium i HR.
Victoria og Are møttest på Burger King i Stavanger. I 2015 flytta dei til Bergen, der Are var kokk og Victoria begynte på studium i HR. Foto: Privat / Framtida.no
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det er ikkje så mange som spør om korleis eg har det. Ikkje ver redd for å snakke med folk om døden, seier Victoria Hauge Arnesen (23) som mista kjærasten i fjor.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

I mars i fjor blei Are Michaelsen Midthun (25) forkjøla. Han låg på sofaen og søv i fleire dagar utan å ete eller seie stort. Victoria tenkte at han var lat, og ho blei irritert då han ikkje kom seg opp og støvsugte før dei skulle få besøk. «No går eg på butikken og då skal det vere støvsuga her når eg kjem heim», sa ho. Men då ho kom tilbake, låg han framleis på sofaen, like sløv og fjern som før.

Same kveld, då syster til Victoria var på besøk, foreslo ho å ringje ambulansen. Det var ein terskel å skulle ringje 113.

– Eg tenkte at det hadde vore flaut å ringje ambulansepersonell om det ikkje var noko som var gale. Men så var det jo det. Dei sa faktisk at om vi hadde venta eitt par timar, ville Are ha dødd i stova vår.

Les også: Dei som får gys av musikk har sterkare kjensler enn andre

Hjarteoperert

Are blei frakta til akutten på Haukeland sjukehus med alvorleg blodforgifting. Det viste seg at han hadde hatt lungebetennelse med spreiing. Are blei sett på fleire typar antibiotikum i løpet av dei tre vekene har var innlagt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det verka til å gå bra med han. Familien hans kom tilreisande frå Stavanger og vi hadde håp heile vegen om at det skulle gå bra. Eg tenkte at dette var noko som ikkje kunne skje meg.

Inne på akutten fekk ikkje Are puste, og legane måtte frakte han til intensiv-avdelinga og kople han til ein respirator. Deretter låg han i kunstig koma resten av opphaldet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Så spreidde bakteriar seg frå lungene til hjartet. Are måtte til hjarteoperasjon, men på veg til operasjonssalen fekk han hjartestans.

– Han var 20 minutt utan oksygen, og den ytre delen av hjernen var ikkje lenger aktiv. Det var ingenting meir legane kunne gjere for han, så den medisinske behandlinga vart stoppa. 12 timar seinare døde han, med sine nærmaste rundt seg, fortel Victoria.

Les også: Odd Nordstoga med nye kapittel

Victoria trur somme tenker at ein kjærast er mindre seriøst enn ein gift partnar. – Det kan kanskje ha noko å seie for korleis folk tolkar tapet til den som står att. Men eg fekk faktisk vite av mor til Are at han hadde tenkt å fri til meg, fortel ho. Foto: Privat / Framtida.no
Victoria trur somme tenker at ein kjærast er mindre seriøst enn ein gift partnar. – Det kan kanskje ha noko å seie for korleis folk tolkar tapet til den som står att. Men eg fekk faktisk vite av mor til Are at han hadde tenkt å fri til meg, fortel ho. Foto: Privat / Framtida.no

Tabu å snakke om

Dagen etter at Are døde pakka Victoria ein bag og drog heim til Stavanger. Foreldra, men også svigerforeldra har hjelpt henne gjennom sjokket og sorga. Vennene har også vore til god hjelp, sjølv om ikkje alle stilte opp like mykje som ho hadde sett føre seg.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– I byrjinga stilte mange opp, men så gjekk det litt over. Dei går vidare med liva sine. Somme kan seie at «no er det over eit år sidan, så no må du komme deg vidare». Men det fungerer ikkje sånn. Dette tapet vil følgje meg resten av livet.

Victoria trur at det å snakke om død generelt er eit tabu.

– Vennene mine har gjerne ikkje alltid visst kva dei skal seie. Så ofte unngår dei å snakke om det. Eller dei trur at det hjelper å snakke om noko anna. For meg er det godt å snakke om Are, seier ho.

Eg sat mykje ved grava og snakka til ein stein.

Les også: Døende mennesker frykter døden mindre enn friske

Tøft år

No er det halvtanna år sidan Are døde. Livet går sin gang, men tida har vore tøff. Ho bur framleis i Bergen og studerer HR på Høgskolen Kristiania. Bilde av han står framme på rommet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det første året var heilt grusamt. Det var så uverkeleg. Eg sat mykje ved grava og snakka til ein stein. Men eg prøvde også å unngå kjenslene og berre halde meg oppteken, fortel ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nokre dagar drøymde Victoria at han var der. Men så vakna ho, og innsåg at alt berre var ein draum.

– Eg var ganske langt nede og fekk definitivt mørke tankar. Viss eg var ute på byen følte eg at han stod bak meg og såg sint på meg, seier ho.

Les også: Forskar: Valet viser gryande generasjonskløft

Foto: Framtida.no
Foto: Framtida.no

Dårleg samvit

Noko av det mest vonde er all det dårlege samvitet. Dårleg samvit for å le, for å smile eller fordi ho fekk han til å flytte til Bergen og vekk frå foreldra i hans siste tid.

– Vi budde på Danmarksplass, som har dårlegast luft i Bergen. Eg tenkte lenge at han blei sjuk fordi vi flytta dit. Og så fekk eg dårleg samvit for å ha kjefta på han i dagane før han døde, og for at eg ikkje ringde ambulansen før.

Victoria fortel at Are hadde legeskrekk, men at han faktisk hadde gått til legevakta ein av dagane før han blei innlagt. Ho fekk sjokk når ho høyrde det.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg var sint for at han ikkje gjekk til legen, men så viste det seg at han faktisk hadde vore hjå legevakta fire dagar før. For berre å bli send heim att, seier ho, og oppmodar alle å gå til lege ved mistanke om noko gale.

– Ta sjukdom på alvor. Noko uskyldig kan vise seg å vere farleg.

Hadde mange planar

Foto: Framtida.no
Foto: Framtida.no

– Are blei berre 25 år, og du mista kjærasten din gjennom tre år. Snakkar vi for lite om korleis det er å miste ein partnar i ung alder?

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det å snakke om død generelt er tabu, men eg trur det er like vondt å miste partnaren sin uansett alder. Ein er like glad i kjærasten sin uavhengig av om ein er gift og oppi åra enn om ein er ugift og ung, seier ho, og held fram:

– Samstundes er det urettferdig at han berre fekk 25 år, og at vi ikkje fekk fleire år i lag. Vi hadde så mange planar. No skal eg gjere alvor av planane på eiga hand, det skuldar eg han.

Artikkelen fortsetter under annonsen

450 i gravferda

I gravferda til Are kom det over 450 menneske. Han var ein person som mange kjente og som mange visste kven var.

– Are var ein tvers gjennom snill og god person. Han var oppriktig interessert i andre. Musikk og matlaging var lidenskapane hans. Han var flink i alt. Sjølv om han såg ut som ein røff type, med masse tatoveringar, var Are mjuk inni, minnest Victoria.

– Are er alltid med meg, og ingen kan erstatte han.

(Artikkelen er først publisert i Framtida.no)