Skulda for å ha starta hiv-epidemien – frikjent etter 30 år

PASIENT NULL: Gäetan Dugas (innfelt) fikk den tvilsomme æren av å bli stemplet som den første aids-pasienten. Nå er han renvasket.
PASIENT NULL: Gäetan Dugas (innfelt) fikk den tvilsomme æren av å bli stemplet som den første aids-pasienten. Nå er han renvasket. Foto: Wikipedia og Reuters / Illustrasjon: ABC Nyheter
Artikkelen fortsetter under annonsen

Nye forskingsresultat viser at «Patient Zero» ikkje var starten på den amerikanske hiv-epidemien på 80-talet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ved sjukdomsutbrot som rammar mange, er det naturleg å leite etter startpunktet. Slike undersøkingar skjer både for å vere førebudd på vidare spreiing, og for å kunne forebygge ny epidemi. Funna gir også nokonå legge skulda på

Kokka med tilnamnet Tyfus-Mary er rekna for å ha smitta over 50 personar tidleg på 1900-talet. Den globale hiv-epidemien, som for alvor braut ut på 80-talet, har ei liknande historie.

LES OGSÅ: Kva er hiv?

Patient Zero

Kven var den fyrste amerikanske pasienten med hiv? Kven var skuldig i at så mange unge, homofile menn døydde utan at legane kunne gjere noko for dei? Svaret journalisten Randy Shilts presenterte i boka «And the band played on» i 1987, var ein fransk-kanadisk flyvert med namnet Gaëtan Dugas.

Det amerikanske Centre for Disease Control (CDC) fann fram til Dugas i 1982 då dei prøvde å kartlegge korleis viruset hadde spreidd seg frå California til New York. I journalen til Dugas noterte dei «Patient O», for «Outside of California», og Dugas var ein sentral person på karta over seksuell kontakt mellom mennene som var blitt sjuke.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

O-en i journalen vart etter kvart tolka som ein null, både av legar og i media. Dugas fekk tilnamnet « Patient Zero», og har sidan blitt skulda for vere årsaka til at hiv-viruset vart spreidd på det amerikanske kontinentet.

LES OGSÅ: Som 21-åring måtte Jens Tekle venna seg til tanken på eit langt liv med merkelappen hiv

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Verken biologiske eller historiske bevis

Gätean Dugas
Gätean Dugas

Denne veka kunne eit amerikansk-britisk forskarteam endeleg frikjenne Dugas (biletet) frå rolla som skurk i hivepidemien. Evolusjonsbiologen Michael Worobay og historikaren Richard A. McKay har analysert blodprøver frå Dugas, og samanlikna resultata med blodprøver frå åtte amerikanske hivpasientar.

– Vi analyserte hiv-viruset til «Patient Zero», og fann verken biologiske eller historiske bevis for at han var den primære pasienten i USA, skriv forskarane.

Resultata viser også at viruset kom til USA allereie i 1970, frå Afrika gjennom Dei karibiske øyane.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Viruset som drepte Dugas i 1984 var ikkje identisk som viruset hos dei andre pasientane, og han kan difor ikkje ha smitta dei. Dugas og familien hans kan no legge historia bak seg.

– Det er ingen indikasjon på at han var noko anna enn ein av dei mange som vart smitta før sjukdommen vart oppdaga, sa Worobey til Nature .

LES OGSÅ: Kva er hiv?

Saka blei først publisert hjå Framtida.no