– Sjølv om ein er valdteken, så er ein ikkje svak

– Det siste eg ville, var å identifisere meg som eit valdtektsoffer, seier Line Rødseth.
– Det siste eg ville, var å identifisere meg som eit valdtektsoffer, seier Line Rødseth.
Artikkelen fortsetter under annonsen

Rettssaka er noko av det vanskelegaste og viktigaste Line Rødseth har vore igjennom.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Då det skjedde tenkte eg at dette må eg berre gløyme. Eg orka ikkje tenkja på det, orka ikkje snakka om det og hadde ikkje lyst til å forholda meg til det, forklarar Line Rødseth (30).

Til hausten er det ti år sidan valdtekta. Men Line ser ut som ein heilt vanleg 30-åring, der ho sit på det nye kontoret sitt i Storgata i Oslo.

«Stolt av deg»

Viktig info

Har du eller nokon du kjenner vore utsett for seksuelle overgrep?

– Oppsøk eit overgrepsmottak så fort som mogleg, uavhengig av om du vil politimelde eller ikkje. Der kan du få ei fysisk undersøking og vidare oppfølging.Ein har krav på tre timar gratis bistandsadvokat, før ein bestemmer seg for om ein vil politimelde. Lisa Arntzen, Dixi ressurssenter

Kontakt Dixi ressurssenter: 22 44 40 50

Mannstelefonen: 22 34 09 60

Finn kontaktinfo til ditt lokale krisetilbod på dinutvei.no

På ei kvit tavle har Line skrive eit sitat frå eit kurs i regi av jobben: «Å lene seg fremover i møte med vold er å overstyre sin natur. Det krever veiledning.»

Rødseth er i desse dagar aktuell med dokumentarfilmen «Stolt av deg», som ligg ute på VGTV.

Filmen, som er regissert av tvillingbroren Jesper Rødseth, følgjer dei to syskena gjennom den tøffe tida når Line endeleg politimelder valdtekta ho vart utsett for som 20-åring.

Då filmen hadde urpremiere på Den norske dokumentarfilmfestivalen i Volda i år, var det som om ei bølgje av støtte og omsorg omfamna hovudpersonen sjølv. Line og Jesper stilte villig opp for å snakka om den viktige filmen og har i etterkant fått høyra mange personlege historier.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Gjennom prosessen med å melda ifrå til politiet, gå i terapi og følgje rettssaka tett har Line funne det ho kallar gull. Og det er desse erfaringane ho vil dela vidare.

LES OGSÅ: 1 av 10 jenter har opplevd seksuelle overgrep

Ei valdtekt

– Eg tenkte at valdtekt var det stereotypiske: ei kvinne som går åleine heim i mørk bakgate på hausten, så er det ein mann som overfell ho og valdtek ho med penis. Som eg seier i filmen, så klarte han ikkje å fullbyrda samleie. Han valdtok meg med fingrar og ein gjenstand, og det klarte eg ikkje kopla opp mot kva som var ei valdtekt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Då Line endeleg kom i kontakt med rettsvesenet var dei ikkje i tvil om at det ho først skildra som eit valdtektsforsøk, var ei valdtekt som bar preg av overfallsvaldtekt.

Når ho ser tilbake på det, kjennest det nesten naivt at ho ikkje forstod det.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Anten forstod eg det ikkje, eller så ville eg ikkje forstå. Det kan vere at det var ein slags overlevings- eller beskyttelsesmekanisme, som fekk meg til å overtala meg om at dette ikkje var ei valdtekt, forklarar Line, som likevel ikkje var i tvil om at det var noko alvorleg som hadde skjedd.

LES OGSÅ: – Det er ikkje for seint å seia ifrå

Flink pike

Det skulle gå heile seks år før Line tok det store steget å politimelda.

– Eg ville vere sterk og flink. Bite tenna saman og gå vidare, late som om det ikkje hadde skjedd noko. Eg bagatelliserte det og tenkte dette er langt ifrå det verste eg har opplevd, og ville nok ikkje innsjå at det påverka meg i den grad det gjorde, forklarar Line, som òg i ung alder vart utsett for overgrep.

I tida etter valdtekta fekk ho mareritt, angst, depresjonar og drakk ein del. På fylla hendte det at ho gav små hint om det som hadde skjedd, men ikkje på ein slik måte at venene forstod alvoret.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Sjølv om ein prøver å gløyme, så gløymer ein ikkje. Han tok mykje meir plass enn eg ville og var mykje skumlare enn eg ville. Eg irriterte meg lenge over den makta eg følte han hadde over meg.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Først då ho fekk eteforstyrringar og psykologhjelp for det, byrja prosessen med å bearbeida valdtekta for alvor.

– Psykologen fortalte at det eg opplevde var ei valdtekt og at det ikkje var greitt. For fyrste gong vart eg validert på at det som skjedde var noko som ikkje var greitt og at eg ikkje fortjente det.

For Line var det sterkt å høyra desse orda for fyrste gong.

LES OGSÅ: Barneombodet vil avskamme seksuelle overgrep

Det store sjokket

Den siste dagen før behandlinga var ferdig viste sambuaren til Line ho eit sladda bilete i ei avis.

Han visste ikkje at den store valdtektssaka hadde noko med kjærasten å gjera, men Line ser med ein gong kven det er bilete av.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Der og då går eg berre ut og må samla meg sjølv. Det var eitt sjokk for meg at han hadde gjort dette mot andre. Eg hadde overtalt meg sjølv til å tenkja at det berre var meg, at det var eit eingongstilfelle og at det på eitt eller anna vis var eit uhell, at han var sjuk eller rusa.

For Line var det vanskeleg å tenkja seg at nokon kunne påføra andre slik skade med vilje. I ettertid ser ho at dette kan va vore ein måte å a avstand frå det heile på.

– Det var enklare for meg å leva vidare med at det berre var eitt uhell. Viss eg innser og aksepterer at han gjorde det med overlegg, så betyr det òg at eg må gjera noko med det. Eg synest det var mykje å ta ansvar for. På ein eller anna måte var eg redd for å øydeleggja livet hans, sjølv om han hadde øydelagt mitt, seier Line.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Journalistar, advokatar og skodespelarar

Ho bestemmer seg for å politimelda, men kroppen reagerer sterkt. Mange tankar flyr gjennom hovudet, kva om folk trur at ho gjer det for å få merksemd?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det siste ho ville var å identifisere seg sjølv som valdtektsoffer.

– Det går på fordommar, som eg trur ligg djupt i samfunnet. Eg oppdaga at eg hadde eigne fordommar om kven valdtekne var, noko som er heilt sprøtt. Då eg byrja i gruppe på DIXI var eg overraska over kven som var der, at det var journalistar, advokatar, skodespelarar, finansrådgjevarar og superressurssterke folk.

Det fekk ho til å reflektere over eigne haldningar, og kva bilete som vert framstilt i samfunnet og media. Ho meiner media sitt fokus på det tabloide, bidreg til å oppretthalda mytane kring valdtekt og kven dei valdtekne er.

Ho ser likevel ei positiv utvikling, med eit breiare fokus i media og at fleire folk – både menn og kvinner – står fram med sine historier.

Det ho saknar no er meir fokus på det som har skjedd før overgrepet og kva som skjer i etterkant.

Artikkelen fortsetter under annonsen

LES OGSÅ: Stor auke i melde valdtekter

Rettssaka

– Det var veldig viktig for meg å politimelda. Det kjentest veldig lettande for å plassera skuld. Eg følte at det var ei stor byrde, som vart løfta frå skuldrene mine. Å sitje i den rettssaka i 18 dagar var òg veldig stort. Å sjå han kvar dag ufarleggjorde han og gjorde han etterkvart til noko heilt ubetydeleg, som eg ikkje brukte tid på lenger.

Artikkelen fortsetter under annonsen

For Line sin del har rettsprosessen vore nesten avgjerdande i prosessen med å fortsetja å gå vidare etter valdtekta.

Før ho meldte saka til politiet, hadde ho ikkje nemneverdig stor tiltru til politi, påtalemyndigheiter og rettsvesen. Den største frykta var å ikkje bli trudd, eller å bli anklaga for å lyga. Men Line opplevde å bli teken på alvor.

Gjerningsmannen fekk til slutt ein historisk lang dom for å ha valdteke ei rekkje kvinner. Dette håpar Line kan senda eit tydeleg signal både til overgriparar og valdtektsoffer.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tabu

Gjennom arbeidet med filmen har det vorte naturleg for ho å snakka om det, men ho merkar at det er eit vanskeleg tema for mange.

– Sex er vanskeleg å snakke om og valdtekt er endå vanskelegare å snakke om. Folk kan ikkje nok om det rett og slett, verken dei som blir valdtekne eller foreldre, familie og vener.

Ho trur at folk har vanskar med å ta det inn over seg, når eit så stort og alvorleg traume skjer. Sjølv reagerte ho med å normalisere det og forklare det så kvardagsleg, at det var vanskeleg for venene å skjøna alvoret.

Det er framleis mange fordommar om kva ei valdtekt er og kven den valdtekne er. For Line er det viktig å bryte ned desse stereotypiane.

– Sjølv om ein er valdteken, så er ein ikkje grøfteliggjande og ressurssvak, som ikkje klarar å reisa deg. Alle eg kjenner som er valdtekne er sterke kvinner og menn, som lever med dette på ein god måte fordi dei har vore gjennom ein veldig viktig prosess.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

LES OGSÅ: Mange meiner kvinner har ansvar for valdtekt

Vegen vidare

Line sitt råd til andre er å snakka om det og ta tak i det så tidleg som mogleg.

– Då meiner eg ikkje å lage film eller skrika det ut til heile verda, men berre sei det høgt til nokon. Om ein klarar det, så trur eg ein har kome veldig langt. Snakk om det med vener og familie. Om ein har lyst og vågar, så kan det vere befriande å skrika det frå toppen av eitt fjell, eller skriva ein lapp og kviskra det til bestevenninna si eller mora si.

Vidare har terapi vore til stor hjelp, då ho endeleg klarte å trø over den terskelen. Line kan ikkje understreka nok kor viktig det er å skaffa seg hjelp. Sei det i alle fall til legen, om du ikkje klarar anna, er oppmodinga. Med riktig hjelp kan ein redusera sjansen for å verte utsett for noko liknande igjen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Då det skjedde følte eg meg svak. Eg følte meg dum. Eg følte at eg var uansvarleg, og at eg hadde hamna i ein situasjon som eg ikkje burde. At eg burde ha skjønt at det kom. Ein klandrar seg sjølv mykje. Ein føler seg kanskje òg skada på noko vis. Det var difor det var så viktig å møta andre, fordi ein føler at ingen i heile verda veit korleis ein har det.

– Ein døyr ikkje, sjølv om det kjennest slik

Og sist men ikkje minst, er det viktig å politimelde.

– Sjølv om saka ikkje går vidare, så vil ofte den som har valdteke òg gjort det tidlegare, eller kjem til å gjere det igjen. Så om ein ikkje klarer å gjere det for seg sjølv, så bør ein gjera det for andre.

Line har lært at styrke ikkje er å bite tennene saman, å vere flink pike og gå vidare.

– Styrke for meg er det eg har gjort no. Å klara å ta tak i det og seia det høgt. Å gå på DIXI og sjå dei uoppløyste kjenslene i kvitauga. Ei rettssak er så tøft som ein får det, å kunne stå igjennom det er ein enorm styrke. Ein døyr ikkje, sjølv om det kjennest slik.

LES OGSÅ: Bryt stilla om valdtekt mot menn