Skillingsbollar i fare

I kanel finst stoffet kumarin som er skadeleg i større mengder. Illustrasjonsfoto: Colourbox.com
I kanel finst stoffet kumarin som er skadeleg i større mengder. Illustrasjonsfoto: Colourbox.com
Artikkelen fortsetter under annonsen

Danske bakarar protesterer mot nye EU-reglar som kan setja ein stoppar for kanelbollar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ei nytt EU-forskrift set no grenser for kor mykje kumarin det kan vera i maten som blir produsert i EU og EØS-landa. Kanel inneheld kumarin, som er eit skadeleg stoff som kan gi leverskadar i større mengder.

Dei nye reglane set grenser for kor mykje kanel det kan vera i sesongbunde og tradisjonelt bakverk – eller i vanleg «fint bakverk». For vanleg fint bakverk er det berre lov med 15 mg per kilo, medan sesongbunde og tradisjonelt bakverk kan innehalda 50 mg. Fødevarestyrelsen, tilsvarande det norske Mattilsynet, definerer kanelbollar som vanleg «fint bakverk» – noko som fører til problem for dei danske «kanelsneglene».

Les også: O, jul med di glede?

Andre reglar i Sverige

– Det høyrer jo ingen stader heime at ein forbyr kanel. For det har me jo brukt i dansk bakverk så langt ein kan hugsa, seier Hardy Christensen til Danmarks Radio. Han er bakar og formann for dei danske bakar- og konditormeistrane.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I Sverige har styresmaktene definert sine «kanelbullar» som tradisjonelt bakverk – noko som gjer det lettare å ha vanlege mengder kanel i skillingsbollane der.

Les også: Kan du eta deg til Alzheimers?

Åtvarar storforbrukarar

Mattilsynet i Noreg har førebels ikkje tatt stilling til om dei skal definera kanelbollar som tradisjonelt bakverk eller fint bakverk.

– Me seier at storforbrukarar må avgrensa bruken av kanel, seier seksjonsleiar ved Mattilsynet, Atle Wold til Framtida.no. Han bed også om at bakarar må visa aktsemd med bruken av kanel, men presiserer at normal bruk ikkje er skadeleg.

– Kanel finst både i kosttilskot og i kanelte. For små barn kan det også vera grunn til å vera forsiktig med inntaket av kanel, påpeikar han.

QUIZ: Kva veit du om EU? Test deg sjølv!