– Tøm blæra kvar fjerde time

Blæra til eit vakse menneske kan romme rundt 350-450 milliliter urin. Lindsey Turner/ Flickr Cc-commons.
Blæra til eit vakse menneske kan romme rundt 350-450 milliliter urin. Lindsey Turner/ Flickr Cc-commons.
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Ein skal ikkje halde seg når ein er tissetrengt, seier Ulla Geertsen til Videnskap.dk, som overlege ved urologisk avdeling på Odense Universitetshospital veit ho kva ho snakkar om.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Overlege Geertsen fortel at om ein held seg regelmessig, eller lenge om gangen kan det skade blæra og nyrene.

– Faktisk bør ein tømme blæra kvar tredje til fjerde time, er det konkrete rådet frå eksperten.

Urinblæra er eigentleg ein muskel som sit nær nyrene, desse filtrerer blodet og fyller urinblæra med væske og avfallsstoff – såkalla urin.

LES OGSÅ : – Livsfarlege russekuntar

Blæra til eit vakse menneske kan romme rundt 350-450 milliliter urin. Når urininnhaldet stig til eit visst nivå reagerer kroppen på kor strekt blæra har vorte og sender signal til hjernen.

Hjernen svarar med å sende to signal tilbake til blæra. Eitt fortel at blærehalsen skal slappe av, medan det andre seier at blæremuskelen skal trekkje seg saman for å få urinen ut. Det er på tide å finne eit toalett.

– Systemet ligg under viljens styrke, som gjer at me kan halde oss, om det ikkje passar å tisse akkurat då, seier Geertsen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

LES OGSÅ: Det handlar om å kunne gå på do

Sovande blære

Mange klarar å sove ei heil natt utan tissepausar, dette er fordi kroppen produserer eit hormon som gjer at ein skil ut mindre væske når ein søv.

Den mest overhengande faren ved å ikkje tisse når ein må, er at ein kan få infeksjonar i urinvegane og blæra.

Urinrøret er til ei kvar tid fullt av bakteriar, som berre vert fleire og fleire, når ein tissar vert desse skylt ut. Vert ikkje urinrøret skylt, kan bakteriane spreie seg og ein kan utvikle urinvegsinfeksjon.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Urinvegsinfeksjonen kan spreie seg til andre stader om han ikkje behandlast med antibiotika.

Utset ein toalettbesøk ofte kan urinblæremuskelen verte slapp og tynnvegga av å alltid vere utspent. Då vil ikkje samantrekninga vere like effektiv, og ein får ikkje ut all urinen når ein tissar.

– Då vert det restar igjen i urinblæra, som aukar risikoen for infeksjonar. Blæra vert fylt raskare opp att, og ein held seg kanskje fordi ein nett har vore på toalettet, så vert skaden verre, åtvarar Geertsen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

LES OGSÅ: Urin kan forvandlast til hjerneceller

Fylt av urin

Om ein held seg i lengre tid kan ein faktisk fylle blæra så mykje opp, at den aldri vil fungere att. Frivillig eller ufrivillig, dagar utan tissepausar er svært skadeleg for urinblæra.

Overlege Ulla Geertsen fortel om ein pasient som ikkje hadde tissa på fleire dagar. Då han fekk lagt inn eit kateter kom det ut 4,2 liter urin.

– Den urinblæra vil aldri fungere att. Har den først vore blåst opp som ein ballong er han øydelagt. Med så store mengder urin er det sjølvsagt òg ein fare for at urinblæra kan sprenge og gje valdsame infeksjonar i bukhola, fortel legen.

Pressar ein urinblæra vil denne presse nyrene. Om nyrene jobbar for hardt over lang tid kan ein få nyreskader, og ein kan trenge dialyse for å verte kvitt avfallsstoffa i kroppen.

Men det er håp. Ei slapp urinblære kan trenast opp att, då ved å gå jamleg på toalettet. Når blæra må jobbe vert muskelen sterkare. Ei sterk urinblære er ei god urinblære.