Meny

Etterlyser betre sexundervisning

Redd Barna meiner både foreldre og skule må kome meir på bana når det gjeld haldningar og seksualitet. Illustrasjonsfoto: Colourbox.com.

Redd Barna meiner både foreldre og skule må kome meir på bana når det gjeld haldningar og seksualitet.

– I dag verker det som om skulen har mest fokus på det kliniske, som til dømes kjønnssjukdomar og kondom. Ungdomane vi snakka med sa at dei knapt hadde snakka om relasjonar på skulen, seier prosjektleiar Silje Berggrav i Redd Barna.

Ho meiner det er ein stor trong for å løfte fram det som har med relasjonar å gjere.

– Både jenter og gutar må kjenne skilnaden på lyst og ikkje-lyst, og vere i stand å forstå det hjå den andre. Det er utruleg viktig at ungdom lærar seg å kommunisere undervegs, seier Berggrav.

Les også: Rapport: Unge veit for lite om valdtekt

Fallitterklæring

Ho meiner seksualundervisning må få ein plass i lærarutdanninga.

– Det er ikkje berre helsesystrer som bør kommunisere med ungdomane om dette. Det er ei fallitterklæring om ikkje lærarane kan undervise om dette, seier Berggrav.

Ho etterlyser ein systematisk plan for å betre seksualundervisninga i skulen, og understrekar at dette er eit politisk ansvar.

Les også: Rekordfå tenåringsabortar

Vil lage videosnuttar

I tida som kjem ynskjer Redd Barna å utvikle video-snuttar om grensesetting i høve til seksualitet. Dette skal dei gjere i samarbeid med Seksualpolitisk nettverk for ungdom. Dei håpar snuttane kan brukast i undervisning og vere tilgjengelege på YouTube.

Berggrav ser for seg at dei norske filmane skal likne på kva amerikanske Laci Green lagar.

Vil òg styrke seksualundervisninga

Senter for ung seksualitet, Sex og samfunn, tilrår òg ei styrking av seksualundervisninga.

– Vi meiner at seksualundervisning bør inn tidlegare og oftare. Å snakke om tema som kropp, grenser, relasjonar og identitet allereie i barnehagen styrker barns omgrepsapparat og eigarskap til eigen kropp. Barn får òg høve til å lære om positive uttrykksformer for kjærleik, omtanke og omsorg, seier kommunikasjonsrådgivar Anneli Rønes i Sex og samfunn.

Les også: SU vil ha sexleiketøy på pensum

Førebygging og hjelpetiltak

Ho peiker på at svært mange seksuelle overgrep og valdtekt skjer blant barn og unge.

– Det er difor viktig at det fokuserast på kunnskap, førebygging og hjelpetiltak i denne aldersgruppa. Undersøkingar syner at personar som har vært utsett for seksuelle overgrep er ekstra sårbare for fleire overgrep seinare i livet, seier Rønes.

Ho syner òg til studieresultat om at forståing av kropp og grenser, og eit godt omgrepsapparat, kan bidra til openheit og aksept for mangfald og ulikskap. Det kan samstundes vere eit positivt verktøy for å rapportere om overgrep.

– Ein styrka seksualundervisning med fokus på førebygging vil difor ivareta befolkningas psykiske, fysiske og seksuelle helse på sikt, seier Rønes.

Sex og samfunn er opptekne av at seksualundervisning bør vere ein obligatorisk del av pensum for lærarutdanningane.

Les også: Ungdomshelse er meir enn kondom

Meir kompetanse

– Det bør òg utviklast grunnpakker for kurs og planer for kompetanseheving for aktuelle yrkesgrupper som er ferdig med utdanninga og allereie jobbar i relevante stillingar, seier Rønes.

Utdanningsforbundet hadde ikkje høve til å svare på spørsmål kring dette på grunn av ferieavvikling. Kunnskapsdepartementet har ikkje svart på hendvendinga frå Framtida.no.

Les også: Sex har aldri sett slik ut før

Takk for at du abonnerer

Motta våre nyheter via Messenger

Jeg godtar brukvervilkårene
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus