Sumaya (19): Difor brukar eg hijab

– Hijaben min betyr veldig mykje for meg. Utan den føler eg meg faktisk naken, seier Sumaya Jirde Ali (19).

Sumaya Jirde Ali blir ofte spurt om hun er undertrykt. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Sumaya Jirde Ali blir ofte spurt om hun er undertrykt. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

– Eg likar å tilpasse hijaben til antrekket mitt, fordi eg er veldig glad i fashion og sånt, seier Sumaya Jirde Ali, som tippar ho har rundt 100 hijabar.

– Folk spør om eg er undertrykt, om eg dusjar med den, og: «Når du skal ha sex, skal du ha på deg hijaben då?» ler Sumaya Jirde Ali (19).

Og svaret?

– Nei, når det er ein person som skal sjå alt anna, så sjølvsagt skal eg ikkje ha hijaben på, smilar ho.

Kva er ein hijab?

19-åringen kom til Noreg frå Somalia som seksåring og har budd i Bodø dei siste 12-åra.

Ho er i Oslo for å bryte ned fordommar på Nobelsenteret sin «fordomsbar», og i det høvet passa det godt å ta ein prat om det mykje omtala plagget.

– Du blir ikkje lei av fokuset på hijaben?

– Nei, men før var eg lei av det. Då tenkte eg at folk var vondsinna og ville rakka ned på hijabbruk, svarar Ali, som har funne ut at det stort sett handlar om at folk er nyfikne og søkjer kunnskap.

Ho har engasjert seg fordi ho vil nyansera debatten og visa at ein kan vera muslim på ulike måtar.

– Kva er ein hijab?

– Ein hijab er eit plagg – eit tøystykke – som du sjølv gjev meining til. For meg er det religiøst betinga.

Les også: Maryam vart hetsa på grunn av hijaben

Fargar håret

For Ali handlar hijaben om å uttrykkja gudsfrykt, men òg å klara den til tider vanskelege spagaten mellom dei to kulturane ho lever i.

– Ein kan lett enda opp med å ikkje be alle dei fem bønnene du som muslim er pliktig til å be kvar dag. Når eg er i farta har eg ikkje moglegheit til å dedikera meg på den måten eg vil dedikera meg, og eg føler at dette er eitt punkt eg i alle fall klarar. Hijaben min betyr veldig mykje for meg. Utan den føler eg meg faktisk naken, seier Ali.

Ho tek berre av seg hijaben når ho er heime eller hos venninner. Under hijaben skjuler det seg eit skulderlangt hår som er bleika og farga med ein henna-farge, slik at det er varmt oransje.

– Folk spør meg om kvifor eg gidd å farga håret, når ingen ser det. Det irriterer meg. For kvifor skal eg ikkje få lov til å gjera noko berre for meg sjølv, spør ho.

Les også innlegget: Har muslimar lov å vere kjærastar?

Ikkje ein accessory

– Kva er den vanlegaste misoppfatninga du møter?

– Den vanlegaste misoppfatninga er at dei ser ei jente med hijab og tenkjer automatisk at ho er undertrykt. At det ikkje er av fri vilje. Det har mykje med historie å gjere og med stoda i Iran i dag, der kvinner vert tvungne til det. Sjølv om eg brukar hijab sjølv, så er eg ikkje for tvang.

– Kva tid byrjar dei fleste med hijab?

– Eg kan ikkje snakke på vegne av alle andre, men eg byrja då eg gjekk i fjerde klasse, svarar Ali.

Ho ville byrje tidlegare, fordi ho var i eit miljø der alle brukte det, men mora nekta henne.

– Då eg hadde mast ei stund følte ho nok at eg var klar for det. Du må vere klar over det valet du tek, for det er ikkje berre pynt. Det er ikkje det same som at eg har på meg leppestift eller øyredobber. Det er ikkje ein accessory, men noko eg brukar fordi det har ein religiøs betyding for meg.

Mot forbod

Hadde Frp fått viljen sin hadde ikkje Ali fått teke på seg hijaben på barneskulen.

Forslaget om eit slikt forbod synest ikkje 19-åringen noko om. Ho peikar på at forbod ofte verkar mot si hensikt.

– Me menneskjer er slik at me vil automatisk gjera ting når me blir bedne om å ikkje gjera det. Det andre er at ein tek frå foreldra ansvaret og retten dei har til å bestemme over kva borna deira skal gjera, seier Ali.

– Er det noko som er for tidleg?

– Dei fleste eg kjenner har ikkje latt barna gå med hijab i tidleg alder, men det finst menneskjer som gjer det og dei skal få lov til det. Foreldre skal få lov til å bestemme kva klede borna deira skal bruke, og det skadar ikkje borna at dei brukar hijab, meiner Ali.

– Er det foreldre eller ein sjølv som bestemmer?

– Nokre bestemmer sjølv, og så er det andre som blir fortalt av foreldra at no skal du byrja med hijab. Eg ville byrja med det sjølv, men det finst folk som blir tvunge til det, seier Ali, som kjenner jenter som føler på eit direkte eller indirekte hijabpress.

Ifølgje FNs Barnekonvensjon skal ein respektere borna sin rett til tanke-, trus- og religionsfridom, men ein skal òg respektere foreldra sin rett og plikt til å rettleia bornet. Frå ein er 12 år har ein krav på å verte høyrt og bornet sine eigne meiningar skal vektleggjast. Full religionsfridom har ein først frå ein er 15 år.

Les også: Tyrkia opphevar hijabforbod på skular

Folka ikkje plagget

– Du har aktørar i storsamfunnet som angrip deg konstant, så har du dine eigne miljø som utøvar den type tvang og press på jenter. Så er eg i midten der og fortel at eg brukar det frivillig og vil at folk skal kunne bruka det frivillig, så blir du liksom ikkje høyrt, fortvilar Ali.

19-åringen har fleire gonger høyrt at ho er hjernevaska og at ho burde skamme seg over å bruka bruka hijab sidan det finnest kvinner som ikkje har moglegheit til å velje. Kritikken prella av, heilt til ei venninne fortalde at ho levde eit dobbeltliv fordi far hennar nekta henne å ta han av.

Den historia gjekk skikkeleg inn på 19-åringen, men Ali er oppteken av å skilje mellom hijaben og bruken av det.

– Når folk seier at hijaben er kvinneundertrykkjande, så fråtek dei menneskja ansvar. Det er menneskjer – anten det er mann eller kvinne, familie eller kollegaar – som påfører tvangen. Utan den tvangen er hijaben berre eit tøystykke. Det er det same som å seie at våpen drep menneskjer, men det er menneskjer som drep andre menneskjer. Eg brukar hijab og vil beskytta din rett til å gjera det til eg dør, men eg vil også beskytta kvinners rett til å velja fritt.

Ytre fokus

Ali har tidlegare vore open om at ho har hatt fordommar mot muslimske jenter som ikkje bruker hijab, men har lært at religionsutøvinga handlar om meir enn korleis du kler deg.

– Ein del muslimar legg altfor mykje i det ytre, sjølv om det berre er eitt lag. Det er ikkje heile historia, seier Ali, som åtvarar mot å dele ut moralske dommar basert på kleskoden.

Les også: – Kven avgjer at det er fridom å ta av seg klede?

Saken er først publisert på Framtida.no

Hva kan vi bli bedre på?

Dine synspunkter er viktige i vårt kontinuerlige arbeid med å forbedre Startsiden. Derfor ber vi deg bruke cirka 3 minutter på en kort spørreundersøkelse.

Ja, jeg kan delta
Nei takk

Hilsen oss i Startsiden