Eit kritisk blikk på ekteskapet

Andreas Ihlang Berg forskar på korleis kjærleik mellom personar av same kjønn passar inn i eit kristent syn på ekteskap. Foto: Colourbox.com
Andreas Ihlang Berg forskar på korleis kjærleik mellom personar av same kjønn passar inn i eit kristent syn på ekteskap. Foto: Colourbox.com
Artikkelen fortsetter under annonsen

Stipendiat Andreas Berg lurer på om likekjønna ekteskap er ein mekanisme for kontroll.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Er ekteskapet ein mekanisme for kontroll, spør stipendiat Andreas Ihlang Berg når Framtida.no møter han på telogisk fakultet ved Universitetet i Oslo.

Han forskar på korleis kjærleik mellom personar av same kjønn passar inn i eit kristent syn på ekteskap.

– Det tradisjonelle synet er at ein vert lukkeleg gjennom å vere gift, og at mannen og kvinna utfyller kvarandre. Men kva med dei som er skeive?

Skeivt perspektiv

Tidlegare i år vedtok kyrkjemøtet ein vigselsliturgi som kan nyttast av likekjønna par som ønsker å gifte seg i kyrkja.

Det har vore mykje debatt om kva som skjer med ekteskapet dersom to menn eller to kvinner får ta del i det. Nokre held fast ved eit konservativt syn på at berre ein mann og ei kvinne kan ta del i eit ekteskap, medan fleirtalet no meiner at det er kjærleiken, og ikkje kjønnet, til personane som er viktig.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Berg si forsking tek utgangspukt i eit skeivt perspektiv, inspirert av feministar og queer-teoretikarar frå inn og utland. Han innrømmer at han har eit kritisk blikk på kva ekteskapet tyder, men understrekar at han er kritisk til normene, og ikkje dei nygifte.

Les også: Klart for homoekteskap i kirken

(Saken fortsetter under)

Andreas Ihlang Berg nyttar ein diktafon for å forske på korleis skeive passar inn i synet på ekteskapet. Foto: Åsmund H. Eikenes
Andreas Ihlang Berg nyttar ein diktafon for å forske på korleis skeive passar inn i synet på ekteskapet. Foto: Åsmund H. Eikenes

Intervju om skeive på film og tv

Som ein del av doktorgradsarbeidet sitt har 33-åringen samla fem skeive, kristne personar til samtalar om samliv og relasjonar.

– Vi har analysert Tooji sin musikkvideo «Father», eit klipp frå TV-serien «Looking» og utdrag frå filmane «Paris is Burning», «Blue is the Warmest Color» og «Ta av mig», forklarar Berg.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
– Dingsen min er veldig nyttig, seier Berg om diktafonen han nyttar i forskinga si. Foto: Åsmund H. Eikenes
– Dingsen min er veldig nyttig, seier Berg om diktafonen han nyttar i forskinga si. Foto: Åsmund H. Eikenes

Berg spør deltakarane om kva dei ser og kva dei kan kjenne seg att i. Diktafonen tek opp samtalane, og etterpå startar det møysommelege arbeidet med å overføre diskusjonen til eit tekstdokument som det er mogleg å analysere.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Å skrive ned kva informantane seier (transkribering) skal gjerast etter strenge reglar. Deltakarane i fokusgruppa har rett til å lese gjennom dokumentet etterpå, dei kan presisere eller endre ord og formuleringar, og dei kan også trekke seg frå forskingsprosjektet.

Les også: Over 1.100 meldte seg ut av Kirken etter homo-liturgi

Detaljerte forskingsfunn

Berg fortel at sjølve analysearbeidet vert mykje lettare når han kan gå tilbake til enkelte ord og formuleringar fleire månader etter at det vart sagt, og så finne sitatet og samanhengen ordrett.

– Dei fleste av oss får med oss lite av det vi høyrer. Vi høyrer det vi vil høyre. Men når eg går tilbake oppdagar eg nyansar som er viktige og ting eg ikkje var oppteken av å høyre i første runde.

Å utføre intervju med eit fåtal informantar er ein kvalitativ forskingsmetode, og vert som oftast nytta i samfunnsfagleg forsking.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg kan ikkje seie noko generelt som gjeld alle, men kan seie kan seie noko. Fordelen er at eg kan vere detaljert i skildringane av funna mine, forklarar Berg.

Les også: Homofili-demonstrasjon avblåst i Volda

(Saken fortsetter under)

Andreas Ihlang Berg er stipendiat på Teologisk fakultet ved Universitetet i Oslo. Han har eit skeivt, og nokså kritisk, blikk på ekteskapet. Foto: Åsmund H. Eikenes
Andreas Ihlang Berg er stipendiat på Teologisk fakultet ved Universitetet i Oslo. Han har eit skeivt, og nokså kritisk, blikk på ekteskapet. Foto: Åsmund H. Eikenes

Blir skeive inkludert?

Stipendiaten forklarar at forsking på ekteskapet berre er ein del av kunnskapen som trengs for å forstå kva som gjer at skeive kjenner seg annleis i eit moderne samfunn.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Kva er det som gjer at skeive personar vert inkludert i samfunnet, men fortsatt er meir sårbare, har høgare risiko for sjølvmord, hatvald og diskriminering? Eg lurer på om det stemmer at tilgang til ekteskapet gir ei løysing på samfunnsproblema som skeive opplever.

Han argumenterer for at like rettar ikkje umiddelbart betyr inkludering. Han stiller også spørsmål ved kvar grensene for inkludering i ekteskapet går.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Dersom uttrykket blir for skeivt, er det plass til dei då?

Berg synest sjølv at det er viktig at han og andre skeive har moglegheiten til å gifte seg. Han er likevel usikker på om ekteskapet er det einaste svaret på korleis ein kan bli lukkeleg.

– Det finst andre måtar å leve liva sine på enn ekteskapet. Disney-framtida er kanskje ikkje reell, og det er vel eigentlig ikkje så farleg.

Les også:

Flere tusen homofile briter benådet posthumt

– Jeg er den samme pappaen, sønnen og broren

Jan Elisabeth Lindvik (62) vil skammen til livs

Saken er opprinnelig publisert på Framtida.no