Slik overlever bjørnedyra utan vatn

Over kan du sjå ein video av eit bjørnedyr som tørkar ut, for så å vakne til liv att.
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei mikroskopiske skapningane har eit nytt triks som gjer dei uovervinnelege.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Bjørnedyr er under ein millimeter lange, ser ut som små bjørnar, og er nesten uovervinnelege. No veit forskarane korleis bjørnedyra overlever lange tørkeperiodar.

Dersom eit bjørnedyr vert utsett for ekstrem tørke (til dømes at vassdammen den bur i tørkar ut), trekk bjørnedyret inn hovudet og dei åtte beina og lagar ein liten, knusktørr klump. Slik kan den vente i årevis på nytt vatn som vaknar den til live.

Beskytta mot inntørking

No veit vi korleis bjørnedyret overlever utan vatn. Foto: Katexic Publications, Flickr, Creative Commons
No veit vi korleis bjørnedyret overlever utan vatn. Foto: Katexic Publications, Flickr, Creative Commons

Når celler tørkar, vert innhaldet øydelagt. Organismar som vert utsett for slike påkjenningar må difor ha ei løysing som hindrar uttørking og død.

Hos reker, sopp og nokre insekt, er det eit sukkermolekyl, trehalose, som gjer denne jobben. Trehalosen beskyttar cellene mot inntørking ved å lage ein slags gele inne i kvar celle.

Til no har ein trudd at det var trehalose som også var grunnen til at bjørnedyra overlevde inntørking. Det viser seg at svaret er eit anna, men liknande, triks.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ei gruppe amerikanske forskarar, leia av Thomas Boothby frå North Carolina, publiserte denne veka resultat som viser korleis bjørnedyra overlever utan vatn.

Les også: Bjørnedyr overlever i verdensrommet og i havdypet

Som spaghettiskruer

Når bjørnedyra tørkar, skrur dei på gener som gjer innsida av cellene til noko som liknar på glas. Boothby og kolleganene hans fann at det glasaktige materialet ikkje var sukkeret trehalsoe, men ei ny gruppe protein som er svært fleksible (kalla TDP).

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei fleksible proteina er «som wiggly spaghettiskruer som konstant endrar form» uttala Boothby til NPR. Når eit bjørnedyr tørkar ut, vil spaghettiskurene beskytte cellene frå å bli øydelagde.

Forskarane gjorde deretter eit forsøk der dei skrudde av gena for dei fleksible proteina, og så utsatte bjørnedyra for tørke. Langt færre av bjørnedyra overlevde tørkinga utan dei fleksible proteina til å beskytte cellene.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Oppdaga sjølvlysande frosk

Til nytte for industri

Dersom det vert mogleg å utvinne eller lage dei spaghetti-liknande proteina på laboratoriet, vil det vere til nytte i produksjon og transport av ulike legemiddel, kommenterere Boothby til NRP.

Forskning.no har tidlegare fortalt at bjørnedyra kan vere nyttige for kreftforsking.

Les også:

Ny forsking: – Rike er ikkje meir egoistiske enn fattige

Fire av fem skogselefantar forsvunne frå nasjonalpark

Forskning: – God hukommelse kan læres og trenes opp