– For å behandle desse hundane treng vi meir kunnskap

Stipendiat Fredrik Skedsmo forskar på ein nervesjukdom hos hunderasen Alaskan Malamute. Foto: WIkimedia Commons og Jon Halvor Jonsrud Knutsen
Stipendiat Fredrik Skedsmo forskar på ein nervesjukdom hos hunderasen Alaskan Malamute. Foto: WIkimedia Commons og Jon Halvor Jonsrud Knutsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Stipendiat Fredrik Skedsmo kuttar nerveceller i syltynne skiver. Målet er å forstå kva som gjer at nokre trekkhundar vert lamme i bakbeina.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Vi har prøvd å støype ein nerve inn i plast, men plasten vart for mjuk til at det gjekk an å skjere i han, seier Fredrik Skedsmo.

Framtida.no besøker stipendiaten på NMBU Campus Ås, der han får opplæring av overingeniør ved mikroskopsenteret, Lene Cecilie Hermansen. Skedsmo fortel at han skal bruke dei avanserte mikroskopa til å samanlikne nervecellene mellom friske og sjuke hundar.

– Då må eg vere sikker på at det vi ser i mikroskopet ikkje skuldast måten eg har behandla prøvane på, forklarar han.

Fredrik Skedsmo er ein del av intervju-serien «Vis meg ein dings». Les fleire forskar-intervju her!

Nervesjukdom hos hundar

– Eitt av dei spennande eksperimenta er å fargelegge nervane, og så sjå på dei i eit lysmikroskop. Då kan eg lage hypotesar om kva funksjonar dei ulike delane har, forklarar han. Foto: Åsmund H. Eikenes

Veterinæren forskar på ein arveleg nervesjukdom hos hunderasen Alaskan malamute. Hundane som vert sjuke mistar gradvis funksjonen i bakbeina. Raseklubben har sett i verk avlstiltak for å utrydde sjukdommen, men det er likevel nokre få hundar i året i Noreg som vert sjuke.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Symptoma vert synlege før hundane er to år gamle, og problema blir verre over tid, fortel Skedsmo.

I doktogradsprosjektet arbeider han med å finne ut kva som går gale i nervane til desse hundane, og samarbeider med både svenske og danske veterinærar. Målet for slike forskingsprosjekt er langt der framme: behandling for ein sjukdom som det i dag ikkje finst behandling for.

Les også: Her er lista over Noregs mest populære hunderasar

Frå bakbein til mikroskop

Ved å sende elektroner mot syltynne skiver av vevet, kan Skedsmo undersøke korleis nervecellene er bygd opp. Dette er eit TEM-mikroskop. Foto: Åsmund H. Eikenes
Ved å sende elektroner mot syltynne skiver av vevet, kan Skedsmo undersøke korleis nervecellene er bygd opp. Dette er eit TEM-mikroskop. Foto: Åsmund H. Eikenes

Skedsmo har henta ut nervefibrar frå frambeina og frå bakbeina på friske og sjuke hundar som har blitt avliva ved Veterinærhøgskolen. Eigarane har godkjent forskingsprosjektet for å få meir kunnskap om korleis sjukdommen utviklar seg.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er ein mutasjon i genet NDRG1 som gjer hundane sjuke, og forskarane trur at genet er viktig for cellene som beskyttar nervefibrane. Ved å samanlikne friske og sjuke hundar, kan Skedsmo undersøke om det er skilnader i korleis nervefibrane er pakka inn. Kanskje vert hundane sjuke fordi nervecellene med ein mutert NDRG1 ikkje sender like gode signal?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sjølv om dei er små, er det ikkje plass til heile nervefibrane i mikroskopet. For å få plass i mikroskopet må vevet kuttast til syltynne skiver, og for å få det til treng ein eit støttemateriale rundt. Plasten må vere så hard at vevet held på forma si. Det er enklare sagt enn gjort.

Les også: Nervesjukdom som drep hjortedyr kan vere smittsam for menneske

Skiver så tjukke som hårstrå

Bildet viser Lene Cecilie Hermansen, Imaging Centre, Campus Ås
Bildet viser Lene Cecilie Hermansen, Imaging Centre, Campus Ås

Lene Cecilie Hermansen forklarar at dei har møtt nokre tekniske utfordringar med å få nervefibrane til å samarbeide. Plasten vert nemleg for mjuk, og då får dei ikkje kutta vevet i skiver.

– No har vi prøvd med vi ei anna blanding for å lage plasten, så får vi sjå om det går betre då, seier ho.

Når dei tekniske utfordringane er løyst skal Skedsmo ta i bruk ein diamantkniv for å kutte vevet i syltynne skiver. Deretter kan han starte å samanlikne nervefibrar frå dei ulike hundane, detalj for detalj.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Detaljar om ei nervecelle

– I det eine mikroskopet sender vi elektroner mot den tynne skiva av nervefiber. På undersida er det eit kamera som lagar eit bilete av det elektrona treff, forklarar Skedsmo.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Diamantkniven kuttar flak som er så tynne som 70 nanometer tjukke. Til samanlikning er eit hårstrå om lag 200 mikrometer tjukt. Foto: Åsmund H. Eikenes
Diamantkniven kuttar flak som er så tynne som 70 nanometer tjukke. Til samanlikning er eit hårstrå om lag 200 mikrometer tjukt. Foto: Åsmund H. Eikenes

Mikroskopet på naborommet nyttar i staden elektrona som vert sendt tilbake frå overflata til å lage eit bilete av korleis nervefibrane ser ut. Dei to teknikkane nyttar same prinsipp, å sende elektroner mot eit vev, men gir svært ulike resultat. Saman gir dei betre forståing av detaljane i nervefibrane.

Ved hjelp av dei to elektronmikroskopa kan Skedsmo til dømes måle kor tjukt det beskyttande laget rundt nervefibrane er, eller oppdage om det er andre anatomiske skilnader mellom nervane frå friske og sjuke hundar.

– For å behandle hundane må vi vite meir om kva som går gale, seier han.

Dei to elektronmikroskopa gir ulik informasjon om nervene. Til venstre har elektrone blitt reflektert frå overflata (mikroskopet kallast SEM) og til høgre har elektrona gått rett gjennom prøven (dette mikroskopet kallast TEM). Foto: Fredrik Skedsmo

Artikkelen ble først publisert av Framtida.no.

Les fleire forskingssaker her!