Forsking: Slik blir du dronninga på dansegolvet

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det du gjer på dansegolvet avslører dei reproduktive evnene dine, meiner forskarane bak ein ny studie.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

For å finne vitskaplege mål på kva som er bra og dårlege dansemoves, filma forskarar ved Northumbride University i Newcastle 39 kvinner som dansa til ein enkel trommerytme.

Dansarane vart utstyrt med reflekterande sensorar, og forskarane nytta eit dataprogram til å omgjere rørslene til kvar av kinnene til ein animert figur (ein avatar). Ved å omgjere video til animasjon, ungjekk forskarane at utsjånad, høgde og kroppsform påverka vurderinga av kva som er bra dansemoves, og kunne difor samanlikne kvaliteten på sjølve dansinga.

200 personar deltok i rangeringa, og gav karakterar basert på 15 sekund animasjon for kvar av dei 39 animerte dansarane. Forskarane plukka deretter ut dei fem beste og dei fem dårlegaste dansarane basert på snittvurderingane frå panelet, og ba to ekspertar om å vurdere dei biomekaniske kvalitetane i danserørslene.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ekspertane nytta vinklane i hofteleddet, vinklane i olbogane og endringar i ryggsøyla (bøyging frå side til side) som mekaniske skildringar av dei gode og dårlege dansarane.

Les også: Frå dans på lokalet til Tinder

Dei beste og dei dårlegaste

Dei to ekspertane kom fram til at dei mest attraktive dansarane hadde store rørsler med hoftene, og at beina flyttar seg uavhengig av kvarandre. Armrørslene bør vere asymmetriske og moderate, om lag slik:

I motsett ende av skalaen er dansing med få armrørsler, lite flytting av bein og stilleståande hofter:

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Asymmetri viser kroppskontroll

Forskarane understrekar at det er viktig at rørslene med høgre og venstre side av kroppen ikkje bør vere like kvarandre, og at asymmetri i korleis ein rører på armar og bein er positivt.

– Det er meir vanskeleg å utføre ulike enn like rørsler med to kroppsdelar samtidig, så asymmetriske rørsler bekreftar god kroppskontroll, skriv dei i Scientific Reports denne veka.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Forskarane legg til at armane verken bør vere i ro eller ha for mykje rørsle, sidan passive eller overaktive armar kan indikere dårleg kroppskontroll.

Menn dansar med høgre kne

For seks år sidan kartla det same forskartemaet kva som kjenneteiknar mannlege dansarar (basert på videoar av 11 menn).

– Ein god dansar viser større og meir varierte rørsler med hensyn til bøying og rotawsjon av hovud, nakke og overkropp, og raskare bøying og rotasjonsrørsler med det høgre kneet deira, konkluderte dei då.

Dansing og reproduktive evner

Nick Neave, som leia begge dei to studiane, meiner at studiar av dansing kan brukast til å forstå korleis menneske sender signal til kvarandre om kven som vil bli dei beste foreldra.

– Så grunnideen om at dansemoves kan formidle ærleg informasjon om dei reproduktive eigenskapane til dansaren verkar vere haldbar, uttala han til VICE.

Då er det vel berre ein ting å gjere:

Skru opp lyden, finn fram dansesokkane og move it!

(Eller du kan lese meir om forsking)

Saken er først publisert på Framtida.no