Høyr verdas første poplåt komponert av kunstig intelligens

Kven lagar best songar – The Beatles eller ein datamaskin? Foto: AP Photo/Dan Grossi
Kven lagar best songar – The Beatles eller ein datamaskin? Foto: AP Photo/Dan Grossi
Artikkelen fortsetter under annonsen

Er din nye favorittlåt laga av ein intelligent datamaskin?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

At ny teknologi formar utviklinga av popmusikken, er ikkje noko nytt: «Video killed the radio star», song til dømes The Buggles i 1978. Men er kunstig intelligens no på veg til å drepa sjølve ryggraden i popindustrien – låtskrivaren?

Spørsmålet har plutseleg blitt aktuelt etter at forskingslaboratoriet Sony CSL presenterte songen «Daddy’s Car», som er komponert av programvaren Flow Machines.

Flow Machines har «lært seg» tusenvis av songar i ulike stilar – frå jazz og pop til musikalsongar og brasiliansk musikk. Ut frå dette materialet kan programvaren laga songar i allslags stilar, utan å plagiera originalkomponistane. Melodi og harmoni til «Daddy’s Car» blei laga i «Beatles-stil».

Den kunstige intelligensen har fått litt hjelp av den menneskelege intelligensen til komponist Benoît Carré, som har arrangert og skrive tekst til songen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Songen er første smakebit frå eit heilt album med popsongar komponert av kunstig intelligens, skriv forskarane som står bak på nettsida til prosjektet . Fact Magazine omtala saka før helga.

(Saken fortsetter under)

VIDEO: Høyr songen her

Flow Machines er eit forskingsprosjekt som er finansiert av Det europeiske forskingsrådet (ERC) og leia av forskingsdirektør François Pachet, PhD. Målet til forskarane er ikkje at maskinane skal erstatta låtskrivaren, men at matematikk og teknologi skal gi oss ei betre forståing av det kreative arbeidet – og hjelpa kunstnarar til å finna sin eigen stil.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Nye ting kjem vanlegvis frå at ein tar eksisterande stilar og legg til eit nytt element. Viss du tar Picasso, fann han opp stilen sin ved å leika med, og vri på, stilen til forgjengarane sine, har Pachet sagt.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Forskarane har tidlegare fått Flow Machines til å arrangera Beethovens kjente melodi «Til gleda», også kjent som Europahymna, i ei rad ulike stilar frå Bach til Beatles og bossa nova.

Les også: Musikksmaken din avspeiler hvor empatisk du er

(Saken fortsetter under)

Høyr resultatet her:

Det er ikkje berre innan popmusikken at mennesket sin kreative innsats no blir utfordra. Nyleg har verda også fått sjå den første filmtraileren som er blitt laga av kunstig intelligens.

Filmselskapet 20th Century Fox har engasjert super-datamaskina IBM Watson til å laga traileren til den sci-fi-skrekkfilmen «Morgan», der ein intelligent menneskelik robot (humanoid) speler ei viktig rolle.

For å få ein høveleg skummel trailer, mata dei Watson med over 100 skrekkfilm-trailerar, som maskina analyserte og lærte frå. Med hjelp frå Watson kunne filmskaparane laga traileren på berre 24 timar, mot normalt 10-30 dagar, ifølgje TheNextWeb.com.

VIDEO: Sjå traileren her:

Les også:

Her kan du høre havets musikk

Høy musikk på fly førte til full slåsskamp

Saken er opprinnelig publisert på Framtida.no