17. mai-talen er meir politisk enn du trur

Magnhild Folkvord talte ved grava til Ivar Aasen 17. mai for fem år sidan. Foto: Svein Olav B. Langåker
Magnhild Folkvord talte ved grava til Ivar Aasen 17. mai for fem år sidan. Foto: Svein Olav B. Langåker
Artikkelen fortsetter under annonsen

Snart er det duka for is, bunad og 17. mai-talar –som tilsynelatande handlar om fest, feiring og folkesjel.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Like tradisjonsrikt som pølser, is og bunad på nasjonaldagen, er kranglinga om andre flagg enn det norske skal vere lov i 17.-mai-toget.

Endå lenger tradisjon har nok 17. mai-talen – denne festtalen der landets ordførarar og andre symbolske førebilete erklærer kven det norske folket er. Det er her vår nasjonale identitet skal kokast ned til beinet. Kven er vi nordmenn, eigentleg? Og kva er dei norske verdiane?

Faktaboks

88 prosent av ikkje-vestlege innvandrarar og 89 prosent av etniske nordmenn feirar nasjonaldagen, ifølgje ein studie frå 2014. 17. mai kan også vere den dagen ikkje-vestlege innvandrarar føler seg mest inkludert, mellom anna fordi dagen er ei feiring av universelle verdiar som fridom, demokrati og menneskerettar, syner ein annan studie.

Kjelde: Masteroppgåva «Vi ere en nasjon vi med. 17. mai-talen som integreringsarena», Bjørnar Buxrud. Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, UiO.

Spørsmåla er som kjent omstridde, og ligg til kvardags som bakteppe for debattar om innvandring, integrering og mangfald. På nasjonaldagen kjem problemstillingane til overflata, godt innpakka i feststasen.

– 17.mai-talen handlar spesifikt om norsk identitet; om kva som er norsk og kven som høyrer heime i Noreg, skriv sosiolog Bjørnar Buxrud i masteroppgåva «Vi ere en nasjon vi med. 17. mai-talen som integreringsarena».

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

LES OGSÅ: 17-åringen som vart grunnlovsfar

Ein eigen sjanger

Den første offisielle 17.mai-talen blei halden av Henrik Wergeland i 1833, i Christiania. Sidan den gong har talane blitt ein eigen sjanger, som typisk handlar om kva som ligg til grunn for at Noreg er ein sjølvstendig nasjon, og at nordmenn kan kalle seg norske.

Reaksjonane på fjorårets 17. mai-tale i Tønsberg syner at folk har sterke forventingar til kva talane skal handle om. Jacob Semb Aasmundsen opna talen med å seie at han var feminist, homofil og ateist. At han gjorde dette nettopp for å hylle grunnlova som gjer det mogleg, var mindre viktig for dei som valde å forlate plassen, bue og sende skriftlege klagar til kommunen, skriv Buxrud.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Han finn at dei fleste 17. mai-talarar med respekt for seg sjølv har minst tre standardingrediensar i talane sine. For det første snakkar dei om verdiar som fridom, demokrati og sjølvstende. Desse vert ofte rekna som typisk norske verdiar, sjølv om det er liten tvil om at den norske grunnlova byggjer på ideal frå opplysningstida.

Artikkelen fortsetter under annonsen

For det andre har dei fleste talar ein del historisk krydder. Ikkje overraskande er det attforteljingar av hendingar før og etter nedteikninga av grunnlova i 1814, lausrivinga frå svenskane i 1905 og grunnlovsfedrane som går att.

For det tredje talar 17. mai-talaren om landet og folkets særtrekk – vår identitet. Her kjem det ofte fram ein ide om at nordmenn har nokre felles eigenskapar, som dugnadsand og solidaritet. I tillegg vert naturen ofte rekna med som ein del av norsk identitet.

Buxrud si skildring av den typiske 17. mai-talen, stemmer godt overeins med Stortingets eigne “Forslag til momenter i 17.mai-talen” frå grunnlovsjubileet i 2014. Stortinget ønskte at talane det året skulle reflektere litt ekstra over kvifor vi feirar 17. mai. Momenta dei føreslår å vektleggje er liknar dei typiske trekka ved 17. mai-talane:

Artikkelen fortsetter under annonsen

→ Hendingane på på Eidsvoll i 1814, og verdiar som fridom, sjølvstende, menneskerettar og demokrati

→ Sjølvrefleksjon knytt til problematiske trekk ved samfunnet, som jødeparagrafen.

→ Arva etter Eidsvollsmennene

Artikkelen fortsetter under annonsen

→ Grunnleggjande verdiar i vårt samfunn

LES OGSÅ: – Grunnlova er ei gullgruve for soråkopplæringa

Ulike typar talar

17. mai-talen er haldningsskapande arbeid, skriv Buxrud. Den er eit høve til å definere kven som er med i det norske vi-et.

Av dei 67 talane sosiologen har granska, er integrering og mangfald eit tema i 25 av dei. Sosiologen finn at mange ordførarar snakkar om inkludering og rausheit i talane. Likevel vert det ofte drege eit tydeleg skilje mellom «oss» og «dei andre», og ofte framstår majoritetsbefolkninga som hovudpublikum.

– Ved å vende seg til majoritetsbefolkninga og klappe dei på skuldrane for å vere så rause og inkluderande, ekskluderer talaren «våre nye landsmenn» frå å vere likeverdige deltakarar i feiringa, skriv sosiologen, som meiner dette gir inntrykk av nasjonalfeiringa, same kor opne, glade og rause vi er, høyrer til dei med etnisk norsk bakgrunn.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Buxrud sorterer i tre typar 17. mai-talar:

Den første typen er den assimilerande talen. Å assimilere betyr å gjere lik, altså at minoritetar blir likare majoriteten og tek til seg fellesskapens normer og verdiar. Talane som har ein assimilerande ideologi, uttrykkjer ofte forventingar om at norske med minoritetsbakgrunn skal tilpasse seg dei «norske verdiane» til fleirtalet. Einsidig kulturell tilpassing vert målet. «Våre nye landsmenn» er gjestar i feiringa, og skiljet mellom majoritet og minoritet er klårt.

Den andre typen tale er dei integrerande talane. Å integrere betyr å ordne til ein ny heilskap, som ein mosaikk av dei gamle delane. Her legg ordførarane vekt på at det er viktig å respektere skilnader, og dei løftar fram det majoritet og minoritet har til felles. I talane vert det snakka om tilpassing, alle må respektere skilnadane til kvarandre. Vekta ligg meir på det som sameiner enn det som skil.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Til sist er det dei hybridiserande talane. Hybridisering er knytt til ideen om globalisering, og at når ulike kulturar kjem saman oppstår det noko nytt. «Det nye Noreg» impliserer at det å vere norsk er i endring, og «vi»-et i desse talane inkluderer alle saman.

LES OGSÅ: – Bergensarane er suverene på fest

Politikk i festdrakt

17.mai-talen er ikkje ein typisk politisk tale, skriv Buxrud. Samstundes tek talane ofte føre seg nokre av dei mest brennheite temaa i norsk debatt.

– Det er nesten påfallande kor lite problematisk mangfald synast å vere sett frå talarstolen til ein ordførar på 17. mai, skriv Buxrud, og peikar på at tema som snikislamisering, asylbarn, tvangsekteskap og religiøse hovudplagg sjeldan er tema i 17. mai-talane.

Det er kanskje ikkje så rart. På 17. mai skal vi jo feire, ikkje krangle. 17.mai-talen er ein festtale, som handlar om samhald framføre konflikt.

Likevel er talane politiske, argumenterer Buxrud, fordi dei uttrykkjer meiningar om kven som høyrer heime i Noreg.

QUIZ: Kva veit du om Grunnlova?