Musikkvideo redda Sonita (16) frå tvangsekteskap

Hadde foreldra fått viljen sin kunne Sonita Alizadeh hatt fleire born før ho vart 18 år. Istaden har den afghanske flyktningen fått studiestipend i USA og kjempar mot tvangsekteskap.
Hadde foreldra fått viljen sin kunne Sonita Alizadeh hatt fleire born før ho vart 18 år. Istaden har den afghanske flyktningen fått studiestipend i USA og kjempar mot tvangsekteskap.
Artikkelen fortsetter under annonsen

Då Sonita Alizadeh fekk veta at foreldra ville gifta ho bort, brukte ho rap for å protestera.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ei ung afghansk jente med strekkode i panna.

Ei barnebrud med blåmerke i andletet.

Slik viser rappar Sonita Alizadeh fram tvangsekteskap i musikkvideoen som forandra livet hennar.

LES OGSÅ: Mange norske jenter fryktar å bli gifta bort

Sonita: 9000 dollar

Den afghanske flyktningen Sonita Alizadeh er i 15-16 årsalderen når ho får beskjeden: Ho skal vere med foreldra til heimlandet for å giftast bort til ein framand mann.

Ho veit ikkje ein gong kor gammal mannen er. Det ho veit er at foreldra skal få 9000 dollar for ho.

Desse pengane treng familien for å betala for bryllaupet til bror hennar.

Den unge jenta kjenner at ho ikkje får puste, men ho skriv ei låt. På engelsk er tittelen; «Brides for sale».

Framtida møter den modige tenåringen i Oslo, der ho er i samband med Plan International Norge si markering av FNs jentedag og Jentekonferansen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Organisasjonen set i år fokus på at 62 millionar jenter manglar frå verdas skulebenkar – mange på grunn av seksualisert vold og tvangsekteskap.


LES OGSÅ: Erna Solberg – Utan jenter, vert ikkje verda betre

Klassevenniner med blåmerker

Som illegal afghansk flyktning i Irans hovudstad Teheran fekk ikkje Sonita rett på statleg skulegang. Utdanninga si fekk ho difor gjennom ein NGO (Non-Governmental Organization, som betyr ikkje-statleg organisasjon.)

– Klassevenninene mine hadde heile tida blåmerker i andletet fordi dei kjempa for å kome ut av ekteskapet, men dei klarte det ikkje fordi dei ikkje hadde nokon støttespelarar, fortel Sonita til Framtida.no.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Då den vevre jenta, som no er i slutten av tenåra, høyrde om sitt eige ekteskap såg ho for seg ei liknande framtid.

Sonita, som allereie då hadde utmerka seg med sitt musikalske talent, kunne ikkje godta at ho måtte gløyme sine eigne draumar, for å verte heimeværande husmor.

Artikkelen fortsetter under annonsen

LES OGSÅ: Viser ei heilt anna side av Kabul

Redd for reaksjonen

– Det er ei skam for ei afghansk jente å syngja og spela musikk, seier mora i traileren for dokumentarfilmen «Sonita».

Den iranske filmskaparen Rokhsareh Ghaemmaghami har følgt Sonita i tida ho fekk vete at ho skulle giftast bort.

I «Brides for sale» rappar Sonita om korleis kvinner skal vera stille og samanliknar seg sjølv og andre barnebruder med sauer, som vert seld til slakting.

– Eg innsåg at eg kan fortelje mi historie og historia til millionar av andre jenter med rap, så eg starta og skriva. Fleirparten av jentene som vert tvinga til å gifte seg er 14-15 år, kanskje berre 10-11, seier Sonita, som fekk hjelp av den iranske filmskaparen Dokhtar Forooshi til å laga musikkvideo til songen sin.

– Først våga eg først ikkje å leggja videoen ut nokon stad, fordi eg var redd for kva familien min ville seia. Men eg tok ei avgjerd. Eg ville vere ei aktiv kvinne. Så eg la filmen ut på Youtube. Etter nokre dagar såg mor mi filmen på tv og ho ringte meg og sa: «Wow, det var bra.» Eg vart veldig forvirra fordi eg ikkje visste om ho tykte det var ok eller om ho var sint på meg, fortel 18-åringen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Mora, som først var skeptisk til musikken, har no vorte ein av Sonita sine største fans.

LES OGSÅ: Terrorstat med atombombe

Vil kjempa for kvinners rettar

Etter å ha vorte oppdaga fekk Sonita eit utdanningsstipend. I januar byrja ho på Wasatch Academy i den amerikanske staten Utah.

I dag jobbar ho med den amerikanske organisasjonen Strong Heart Foundation for å jobba mot barneekteskap.

Sonita er viss på at opplysning er det som skal til for å få ein slutt på tvangsgifting av unge jenter.

Sjølv drøymar ho om å vere med å kjempa for kvinners rettar verda over.

– Håpet mitt for framtida er at eg kan hjelpa jenter slik at dei får rett til å velja framtida si. At dei kan stå opp for seg sjølv og velja kva tid – og med kven – dei vil gifta seg, seier Sonita, som peikar på at mange kvinner ikkje har desse rettane i dag.

LES OGSÅ: Vil stogge barneekteskap

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Dei treng håp frå oss

Den unge jenta oppmodar alle som risikerer å verte tvangsgifta om å ikkje gi opp.

Men dette handlar ikkje berre om dei. Sonita oppmodar alle folk til å bruka nokre minutt til å søkja opp child bride, eller barnebrud på Internett. Då vil ein sjå unge jenter heilt ned i tiårsalderen, som vert gifta bort.

– Vêr så snill å bry dykk om dette. Dei er fortapt. Dei har mista barndommen sin. Dei har mista håpet sitt. Dei treng håp frå oss. Folk kan endra framtida for millionar av jenter ved å stå saman. Då vil regjeringane forstå at det er viktig for folk. Den største forandringa var min eigen familie. Eg er sikker på at eg kan endra verda med folks hjelp, avsluttar Sonita.

Sonita-Female-Winner-Election-Anthem-Contest from Argus on Vimeo.