– Eit stort, stinkande samfunnsproblem

Førre veke vart fleire tusen bilete frå Snapchat hacka og spreidd på Internett. Foto: Colourbox.com
Førre veke vart fleire tusen bilete frå Snapchat hacka og spreidd på Internett. Foto: Colourbox.com

Det handlar ikkje om dumme jenter, meiner Ingvild Henriksen. Ho reagerer sterkt på debatten Snapchat-bilete på avvege.

I midten av oktober vart tusenvis av bilete frå Snapchat lekka ut på nettet, og etter det har debatten og reaksjonane rasa. Det var programmet Snapsave, som gir deg moglegheita til å lagra snaps, som vart hacka.

Mest merksemd har kanskje blitt gitt til spreiinga av nakenbilete. Frykten er at desse skal bli systematisert og søkbare, og på ulike forum blir jentene på bileta identifisert.

Dette vekker sterke reaksjonar – mange oppmodar om nettvett, eller at ungdom må slutta å senda nakenbilete til kvarandre.

Stortingsrepresentant Ulf Lerstein (FrP) meinte at bilete frå Snapchat og iCloud blir stelt og delt, er som å setta frå seg ei veske på ein park og forventa at den står der når du kjem tilbake.

Les også: Endeleg har vi fått nok privatliv

Eit innbrot

 – Dei kriminelle gjorde ein innsats for å komma inn, og det er det me må fokusera på – ikkje at jenter i 2014 er dumme og fortener å få privatlivet sitt invadert, seier Ingvild Henriksen. Foto: Privat – Dei kriminelle gjorde ein innsats for å komma inn, og det er det me må fokusera på – ikkje at jenter i 2014 er dumme og fortener å få privatlivet sitt invadert, seier Ingvild Henriksen. Foto: Privat

Ingvild Henriksen reagerte sterkt på dette, og delte meiningane sine på Facebook.

Dette har blitt spreidd fort, og i skrivande stund har ho nådd godt over 2400 likes.

«No skal eg skriva om eit stort, stinkande samfunnsproblem: Umodne mannfolk og smågutar, og at slike saker alltid får feil fokus».

– Eg reagerte på at slike grupper og aksepten for at dei eksisterer og gjer det dei gjer verkar til å auka, og eg meiner det er på tide å adressera det.

– Ingen sette frå seg ei veske i parken. Dei låste veska inn i ein passordbeskytta, privat digital konto, seier Henriksen.

Det same poenget kjem digitalrådgjevar Ståle Grut med i sin kommentar hos NRK Ytring.

– Det er som ein organisert bande bryt seg inn i huset ditt og går gjennom fotografia dine. Ville det vore di skuld, spør Grut.

– Dei kriminelle gjorde ein innsats for å komma inn, og det er det me må fokusera på – ikkje at jenter i 2014 er dumme og fortener å få privatlivet sitt invadert, seier Henriksen.

Les også: – Eit stort, stinkande samfunnsproblem

Saken fortsetter under bildet Dette skreiv Ingvild Henriksen på Facebook. Mange reagerer kraftig på spreiinga av private bilete. Foto: Skjermdump. Dette skreiv Ingvild Henriksen på Facebook. Mange reagerer kraftig på spreiinga av private bilete. Foto: Skjermdump.

«Slutshaming»

– Me ser den same retorikken som blir brukt i valdtektssaker. «Ho skulle ikkje drukke». «Ho skulle ikkje gått heim åleine». «Ho skulle ikkje hatt så kort skjørt». Det blir kalla «victim-blaming» – å legga skulda på offeret og mista fokus på ugjerninga som vart gjort, seier Henriksen.

 Sterke reaksjonar på Snapchat-lekkinga. – Dette er tjuveri. Å skulda på jentene liknar på «slutshaming» – å skulda på offeret i staden for overgriparen, seier Jill Rettberg ved Universitetet i Bergen. Foto: Google. Sterke reaksjonar på Snapchat-lekkinga. – Dette er tjuveri. Å skulda på jentene liknar på «slutshaming» – å skulda på offeret i staden for overgriparen, seier Jill Rettberg ved Universitetet i Bergen. Foto: Google.

Den same reaksjonen blir ofte kalla slut-shaming, mellom anna av professor i digital kultur ved Universitetet i Bergen, Jill Rettberg. I eit intervju med NRK kallar ho steling og deling av private nakenbilete for eit uttrykk for kvinnehat – ein måte å angripa kvinner på der ein skal setta kvinner på plass.

– Dette er tjuveri. Å skulda på jentene liknar på «slutshaming» – å skulda på offeret i staden for overgriparen, seier Rettberg.

Les også: Mobbar med nakenbilete

Haldningsendring

Slik Henriksen ser det, er det fleire ting som kan gjerast for at ting skal bli betre. Først og fremst ei haldningsendring

– Her har me sett mykje feil fokus. I staden for å reagera sterkt på at det finst grupper som systematisk forfølgjer jenter har ein hoppa rett på fordømmande – og unødige – fraser om at jenter ikkje bør senda slike bilete, seier Henriksen. Ho poengterer og at det handlar om meir enn personvern – jentene som blir identifisert kan og bli utsett for fare.

Henriksen peiker på fleire andre ting – mellom anna meir bevisst handling frå politiet, haldningskampanjer retta spesielt mot yngre gutar i miljø med harde bilete av kva "ein ekte mann" er, mindre fokus på at jentene sjølv har skulda. Ho peiker og på nettvett – til dømes å ha eit vanskeleg passord du skiftar ofte – som ein del av ei løysing.

– Dette rettferdiggjer likevel ikkje ein reaksjon der folk ler, godtar seg og gjer narr av folk som blir hacka, legg ho til.

– Mange misforstår og trur at jentene sjølv har lagt ut bileta på sosiale media, og at dei vart tekne derifrå. Det er ikkje det som har skjedd. Bileta har vore passordbeskytta, og nokon har brote seg inn og stole dei.

Les også: Nakenbilde og mobbing på Snapchat

– Nakenbilete er ikkje ei ny oppfinning

Henriksen meiner reglane endrar seg når det handlar om nakenbilete.

– Me må hugsa at nakenbilete ikkje er ei ny oppfinning. Nakenbilete har eksistert like lenge som kamera har, og før det mala og teikna dei nakne menneskjer. Det einaste nye er måten me oppbevarer dei på.

– Dei fleste ville reagert om deira private meldingar vart publisert offentleg og latterleggjort, katalogisert og identifisert, men sidan dette gjeld nakenbilete verkar det som om folk automatisk tykkjer det er til pass for dei som blir utsatt.

Les også: Instagram kan vera slankande

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus