Går til sopp-krig mot flåtten

Soppinfisert flått av arten Ixodes ricinus, hokjønn. Soppen drep flåtten innanfrå og ut, og dannar deretter soppsporar på utsida som kan smitte nye flåtten. Foto: Karin Westrum (Bioforsk Plantehelse)
Soppinfisert flått av arten Ixodes ricinus, hokjønn. Soppen drep flåtten innanfrå og ut, og dannar deretter soppsporar på utsida som kan smitte nye flåtten. Foto: Karin Westrum (Bioforsk Plantehelse)
Artikkelen fortsetter under annonsen

Flåtten kan gå farlege tider i møte. Bioforsk jobbar med å finna ut om sopp kan drepa flått.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Flåttbitt hos sau kan føra til sjukdomen sjodogg, som gjev høg feber og svekkjar immunforsvaret. Det gjer at dyra kan bli alvorleg sjuke av sjukdomar dei vanlegvis taklar. Ny forsking viser at kring 300.000 lam får sjodogg kvart år. Difor ynskjer Bioforsk Økologisk og Bioforsk Plantehelse å redusera flåttbestanden i sauene sine beitelandskap.

Soppen Metarhizium som blir nytta i forsøket lever naturleg i jordsmonnet, og er ein av fiendane til flåtten.

Drep flåtten innanfrå

Ingeborg Klingen er forskingssjef ved seksjon skadedyr ved Bioforsk Plantehelse. Ho forskar på flått og dei naturlege fiendane til flåtten.

– Soppen me har brukt i forsøket drep og veks på insekt og midd som finst i jorda, forklarar ho.

Det er ingen human død som ventar flåtten som blir utsett for denne soppen. Soppsporane spirer på huda til flåtten og treng inn i flåttkroppen. Han produserer stoff som er giftige og drep flåtten.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Soppen held fram med å veksa inne i flåtten til han fyller heile flåttkroppen. Deretter trengjer han ut av flåtten igjen og dannar nye sporar utanpå kroppen som kan spreie seg til nye flåtten, seier Klingen i ei pressemelding.

Les også: – Flått vanlegaste smittkjelde

Til glede for turgåarar

Dersom prosjektet blir vellykka kan bruksområda koma turglade menneske til gode.

– Me får mange meldingar frå privatpersonar, lag og samskipnader som gjerne vil redusera flåttproblemet i rekreasjons- og turområda sine.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Klingen vil gjerne forska på dette, men då må det skaffast prosjektmidlar til å finansiera ein slik studie. Ho ser absolutt høvet for å nytta denne biologiske kontrollmetoden, kanskje i kombinasjon med andre tiltak, i avgrensa rekreasjonsområde.

– Ein kunne til dømes førestilla seg at ein spraya langs stigar og på einskilde øyar med stor flåttbestand. Dette blir gjort av samarbeidspartnaren vår i Austerrike og dei meiner at det gjev god effekt, seier Klingen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ho ynskjer seg no eit samarbeid med andre forskingsmiljø for å undersøkja høva for dette i Noreg.

Les også: Flått tar liv på beite

På EUs «ja-liste»

Soppen frå slekta Metarhizium er testa for gift, og er på EUs «ja-liste» for plantevernmiddel. Preparatet blir allereie selt i store delar av verda. Klingen forklarar at det kan gjera det lettare å få soppen godkjent for bruk i Noreg.

– Dersom me finn ut at soppen kan fungera her ved dei låge temperaturane våre, så er preparatet allereie kartlagt for uheldige biverknader for menneske og naturmiljø.

Norske styresmakter har bedd forskarane kartleggje kor lenge soppen overlever i norsk natur. Forskarane ser både på der effektiv soppen er mot flått, og på kor lengje han finst i naturen etter at han er tilført som biologisk kontrollmiddel.

– No gjenstår det berre å sjå om soppen er effektiv og elles oppfører seg akseptabelt her hos oss, seier Klingen.

Les også: Vinn slaget, men tapar krigen


Sprøyting med sopp som drep flått. Feltforsøket er lagt til Tingvoll i Møre og Romsdal der førekomsten av flått er stor, og tapsprosenten for lam er høgare enn landsgjennomsnittet. Foto: Natasha Sant Anna Iwanicki (Bioforsk Plantehelse)