– Alle er i slekt med alle i Europa

Harald Hårfagre slik han blei illustrert i Flateyjarbók på 1300-talet. No viser det seg at han truleg er i slekt med alle nolevande europearar på ein eller annan måte. Foto: Wikipedia
Harald Hårfagre slik han blei illustrert i Flateyjarbók på 1300-talet. No viser det seg at han truleg er i slekt med alle nolevande europearar på ein eller annan måte. Foto: Wikipedia
Artikkelen fortsetter under annonsen

Du er i slekt med både Harald Hårfagre, Karl den Store og ein drøss med andre kongar og keisarar, viser ny forsking.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ei genetisk undersøking viser at alle europearar som lever i dag er etterkomarar av ein kvar europear som levde for tusen år sidan, melder NBC News. Går ein endå lenger tilbake, er alle menneske i slekt med kvarandre.

– Det understrekar kor mange felles historier me har. Du treng ikkje gå tilbake mange generasjonar for å finna ut at alle er i slekt med kvarandre, seier forskaren Graham Coop ved Universitetet i California til NBC News.

Les også: Slektsgransking kan bli vanskelegare

Blant slektsgranskarar har det lenge vore kjent at om ein går langt nok tilbake, så er alle europearar i slekt med Karl den Store. Og her til lands er det populært å finna slektslinjene tilbake til Harald Hårfagre.

Tysdag denne veka publiserte Coop og genetikaren Peter Ralph ein studie av genetiske sekvensar frå 2257 menneske frå heile Europa i tidsskriftet PLOS Biology. Studien viser at alle var meir eller mindre i slekt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: DNA avslører Adolf Hitlers jødiske røter

Folk frå Portugal, Spania og Italia var minst i slekt med andre europearar. Dette kan skuldast at det har vore mindre flytting frå desse områda. Aust-europearar var meir i slekt – noko som truleg skuldast folkevandringane for kring 1500 år sidan. Forskarane blei overraska over tyrkarar og britar var meir i slekt med kvarandre enn ein skulle tru.