Kjersti (33) er bestemor

TRE GENERASJONAR PÅ EIT BRETT: Kjersti opplevde å verta bestemor i same alder som klasseveninnene hennar byrja å få eigne ungar for fyrste gong. Foto: Randi Bjørlo
TRE GENERASJONAR PÅ EIT BRETT: Kjersti opplevde å verta bestemor i same alder som klasseveninnene hennar byrja å få eigne ungar for fyrste gong. Foto: Randi Bjørlo

– Først vart eg ganske paff og tenkte på min eigen situasjon, men så tenkte eg at dette skal gå bra, seier mormor Kjersti.

Kjersti Fitje var ikkje fylt 17 år då ho fødte dotra Linn, 17. februar i 1996.

21. januar i år vart ho mormor til vesle Lucas - mamma Linn og pappa Martin (18) sin nydelege son.

– Det er veldig kjekt, men eit stort ansvar, så det er godt å kunna bu heime og få litt rettleiing når det trengst, seier Linn Fitje Dale.

LES OGSÅ: Mirakeljentene frå Ostereidet

Ho fortel at ho hadde tenkt at ho skulle vera 25 og ha utdanninga unnagjort før ho fekk barn. Men det går ikkje alltid slik ein planlegg.

Ville bli jordmor

– Eg vart akkurat ferdig med første halvår på helse og sosial ved Knarvik vidaregåande, og har fått god rettleiing frå skulen der eg planlegg å vera tilbake i januar 2014, seier Linn. Den unge mora fortel at planen var å bli jordmor.

– Men sidan eg har vore gjennom dette, har eg endra planar til barne og ungdomsarbeidar, seier ho og kikkar ned på vesle Lucas som er heilt uberørt av oppstyret rundt han. Nett som mamma hadde ho ein rask fødsel. Berre drøye to timar etterat ho og Martin var på plass på klinikken, kom den vesle pjokken med dei vitale måla - 2870 gram og 48 cm - til verda, tre og ei halv veke før termin. Sjølv var Linn 3300 gram og 48 cm då ho vart født.

Mykje annleis no

Mamma Kjersti er snar med å skryta av både Linn og Martin.

– Eg synest dei er veldig flinke og tar ansvar begge to. Eg gir berre råd om dei spør, elles klarer dei seg sjølv, seier mormora som merkar godt at det er stor forskjell frå den gongen ho sjølv vart mor i så ung alder.

– Veninnene til Linn stiller opp og har til og med arrangert «babyshower» for ho. Å få barn tidleg er meir akseptert no og ein opplever oppbacking i staden for fordømming, seier Kjersti som vedgår at ho hadde mange tunge stunder.

LES OGSÅ: Tøft å vera trillingmor

– Søstrene mine har sagt i ettertid at dei ikkje syntest det var noko stas å gå i senteret med meg og sjå folk stirra på magen min, seier Kjersti som og har sønene Joakim Fitje Dale (10) og Markus Ask (5).

UNGE MØDRE: Kjersti (t.v) var knapt 17 år då ho fekk Linn. No har Linn sjølv blitt mamma til vesle Lucas, få veker før ho fylte 17. Pappa Martin Gausereide er 18 år, og venter ei lillesøster om få månadar. Foto: Randi Bjørlo

Kan berre nyta

– Det er litt artig at eg er blitt bestemor, medan klassekameratane mine framleis får barn, seier Kjersti som synest det er rein luksus å kunna kosa seg med Lucas utan å måtta opp om natta når han krev mat tredje kvar time.

Linn synest det er litt stritt å vakna så pass ofte om natta, men det vert ein vane. Ho saknar derimot ikkje det å vera ute på livet med veninnene.

– Eg har aldri vore slik at eg må ut heile tida, dessutan kan mamma passa han om eg tar meg ein liten tur, seier ho og legg til at det har sine klare fordelar å vera ung mor. - Eg har masse energi, seier ho og fortel at ho gjerne vil ha fleire barn seinare.

LES OGSÅ: Trillingane lurte pappa Vegard

Martin Gausereide (18) har nett tatt lappen, og synest det er kjekt å vera ute blant vener.

– Men det går veldig fint å sitja her og, seier småbarnspappaen som tar fellesfag og skal begynna i lære som servitør til hausten.

Får ei ny tante

Mor til Martin var på omtrent same alder som Linn då ho fekk han. Sidan har han fått fem søsken, og om kort tid kjem det ei lillesøster til.

– Heilt greit, men mamma kunne godt fått litt tidlegare, seier Martin.

Vesle Lucas, som fekk det namnet som mamma helst ville ha og som pappa bestemte skrivemåten på, er så heldig at han har stor slekt på begge sider, deriblant tre toppoldemødre.

Les saka i Nordhordland!

Les også: Jenta som vart bestefar

Les også: Med ei barselgrad i magen

Les også: Mammaliv

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden