Slik får du påskedagane til å gå

Illustrasjonsfoto: Colourbox.com
Illustrasjonsfoto: Colourbox.com
 
Artikkelen fortsetter under annonsen

Er du, som nordmenn flest, heime i ferien? ABC Nyheter gir deg tips til korleis du kan fylle påskedagane med aktivitet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Skjærtorsdag og langfredag kan vere trøtte greier om ein ikkje er på fjellet og har høve til å gå på after-ski og eller har reist på soltur til Gran Canaria. Men fortvil ikkje, her får du tipsa som får fart på påskedagane.

* Måle påskeegg

Det er lange tradisjonar for å pynte egg til påske. Det eldste dekorerte egget som er funne, er frå om lag 300 e. Kr.

Tradisjonen med å dekorere egg til påske er særleg sterk i Aust- og Mellom-Europa. Her blir nokre av egga pynta så forseggjord at dei blir dei reinaste kunstverka.

I Hellas byter folk raude egg som symbol på Jesu blod I Tyskland og Austerrike et dei grønfarga egg skjærtorsdag. I Tyskland er det vanleg at vener gjev kvarande handmåla egg. I Nederland heng folk opp farga egg i trea i hagen, og påskeharen gøymer påskeegga til barna. Også i USA er det tradisjon med at barna leiter etter påskeegg som påskeharen har gøymt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Slik dekorerer du påskeegget:

Illustrasjonsfoto: ScanpixIllustrasjonsfoto: Scanpix

1. Først må du tømme egget. Pass på at egget har romtemperatur. Stikk eit lite hol i kvar ende av egget og blås hardt. Det kan vere ganske tungt, så små barn vil nok trenge hjelp til dette. Det er mogleg å få kjøpt ei eggpumpe i hobbybutikkar som kan gjere jobben lettare. Etterpå reinsar du egget godt i rennande vatn.

2. Så er egget klart til dekorering. Du kan bruke tusj, vassfargar, akvarellfargar, akrylfargar eller hobbylakk. Lakkerer du egga etterpå, vil dei halde seg lengre. Brukar du vassfargar, er det eit smart tips å tørke egga med ein hårfønar. Så kan du hengje egget til pynt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Foto fra konditoriavdelingen hos Baker Hansen i Oslo. (Stian Lysberg Solum / Scanpix)Foto fra konditoriavdelingen hos Baker Hansen i Oslo. (Stian Lysberg Solum / Scanpix)

Det er også mogleg å dekorere hardkokte egg, men då bør ein ikkje vente altfor lenge med å ete det etterpå.

Artikkelen fortsetter under annonsen

* Lag din eigen påskemarsipan

Innhaldet i egga du har dekorert, kan du bruke til å lage din eigen påskemarsipan.
Les meir om marsipan og få oppskrifta her.

* Få unna alle «skal gjere»-gjeremåla

Eit par ekstra fridagar er perfekte til å bruke til å få unna nokre av dei tinga ein stadig tenkjer at ein skal få gjort ein vakker dag, og som det stadig stikk litt i samvitet fordi ein aldri får tid til. Som å rydde på loftet eller i garasjen, vaske vindauga, samle saman klede ein ikkje brukar lenger og levere til Fretex, og ikkje minst: lime inn bilete i fotoalbum.

Agatha Christies inspektør Hercule Poirot skaper den rette påskestemninga. På bibloteket kan du leige fleire klassiske påskefilmar.Agatha Christies inspektør Hercule Poirot skaper den rette påskestemninga. På bibloteket kan du leige fleire klassiske påskefilmar.

Har du lyst til å gå over til ein meir avansert form for minneforvaring, kan du byrje med scrapbooking. Scrapbooking er opphavleg ein amerikansk hobby, som går ut på å lage eit kreativt fotoalbum der ein brukar mønsterpapir, bokstavar og diverse pynt til å byggje opp kvar enkelt side, som regel med fotografi i sentrum.

Artikkelen fortsetter under annonsen

På nettet finst det mange sider der du kan halde deg oppdatert på kva som skjer i scrapbookingsfronten.

* Leig ein gammal påskefilm på biblioteket

Påske er krimtid. Og ikkje eit vondt ord om Kurt Wallander eller kriminalsjef Foyle, men det er lite som slår den belgiske luringen Hercule Poirot eller den alltid korrekte politiinspektøren Adam Dalgliesh når det gjeld å skape den rette påskeuhygga på skjermen. På biblioteket kan du blant anna leige «Poirot Collection» som består av åtte Agatha Christie-mysterium, eller kva med den norske grøssarklassikaren «De dødes tjern»?

Artikkelen fortsetter under annonsen

* Ta til med hagestellet

PÅSKELILJER: I påsken er det på tide å ta ein oppreinsking i hagen. (Foto: Scanpix)PÅSKELILJER: I påsken er det på tide å ta ein oppreinsking i hagen. (Foto: Scanpix)

Om du har ein stor, flott hage å boltre deg i, kva med å bruke ein av påskedagane til å gjere klart uteområdet til våren? Fjern greiner og lauv som har lege rundt bed og under buskar, og rosene skal klippast og gjødslast.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Her får du tips til nettsider som omhandlar hagearbeid.

* Vedlikehald av sykkelen

Sett av ein av påskeformiddagane til ein ordentleg sykkelvask. Bruk svamp eller klut til å vaske hjul og ramme. Gnikk i alle krikar og krokar, gjerne ved hjelp av ein gammal oppvaskkost eller tannbørste.

Rens kjeda med spesialreinsemiddel som du får kjøpt hos sykkelforhandlaren. Etterpå må den oljast. Levetida på kjeda kan halverast om det ikkje blir reinsa jamleg. Sjekk lufta i hjula, og at bremsane fungerer slik dei skal. Så er det berre å ta på seg hjelmen og trakke i veg.

Her finn du nettsider som omhandlar det meste innan sykkel og sykkelsport.

Foto: Frå den klassiske grøssaren «The shining», som du kan sjå på Cinemateket i Oslo i påsken.Foto: Frå den klassiske grøssaren «The shining», som du kan sjå på Cinemateket i Oslo i påsken.

* Gå på kino

Det har blitt lansert masse nye filmar på kino no like før påske. Som den spanske grøssaren «The Orphanage» eller eventyrfilmen «Spiderwick-krønike». Eller kanskje finst det ein lokal filmklubb der du bur? Til dømes viser Cinemateket i Oslo både klassiske og heilt ferske spøkelsesfilmar heile høgtida, og garanterer for gåsehud.

Kjelder:

Aktiv i Oslo , Wikipedia.

Les også:

- Påskekrim 2008