Ååå, så søt!


 
Artikkelen fortsetter under annonsen

Tyskland nye isbjørn-yndling har opna augo. Sjå fleire bilde av hjarteknusaren under.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Isbjørnungar opnar augene etter tre veker, og no kan endeleg «nye Knut» sjå verda rundt seg.

Den nydelege, kvite pelsklumpen, som foreløpig har fått namnet «Flocke», eller «Snøfnugg», er på god veg til å bli like populær som isbjørnen Knut. No veg ho nesten 2,5 kilo og skal vere sunn og frisk, ifølgje veterinær Bernhard Neurohr.

Nurket blei fjerna frå isbjørnmammaen tirsdag i førre veke, då dyrepassarane i Nürnberg Zoo frykta ho ville skade det vesle nurket. No blir ho passa på av fire dyrepassarar, døgeret rundt.

«Flocke» har fått si eiga nettside som blir oppdatert kvar dag. Her kan du også kome med dine namneforslag på Tysklands nye sjarmør i pels.

Ifølgje dyrehagen er merksemda frå presse og fans enorm. Men ungen blir skjerma frå alt oppstyret og skal ikkje visast fram i dyrehagen før til påske.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Klikk på bilda under for å sjå dei i større format.

Vesle «Flocke» har nettopp fått flaske og gjespar til fotografane. (Foto: AP/Scanpix)Vesle «Flocke» har nettopp fått flaske og gjespar til fotografane. (Foto: AP/Scanpix)

Fire dyrepassarar er satt til å stelle med nurket, som blir varta opp 24 timar i døgeret. (Foto: AP/Scanpix)Fire dyrepassarar er satt til å stelle med nurket, som blir varta opp 24 timar i døgeret. (Foto: AP/Scanpix)

Isbjørnjenta søv søtt inntil eit mjukt tøyleikedyr, under ei infraraud lampe. (Foto: AP/Scanpix)Isbjørnjenta søv søtt inntil eit mjukt tøyleikedyr, under ei infraraud lampe. (Foto: AP/Scanpix)

Nye og gamle Knut. Til høgre ser du Knut, den gongen han framleis var liten og søt, og til venstre ser du vesle «Flocke», som ein antar blei fødd i desember i fjor. (Foto: AP/Scanpix)Nye og gamle Knut. Til høgre ser du Knut, den gongen han framleis var liten og søt, og til venstre ser du vesle «Flocke», som ein antar blei fødd i desember i fjor. (Foto: AP/Scanpix)

Veslejenta får melk over heile snuten når dyrepassaren matar ho. Det tok tid å omstille ho frå ordentleg til kunstig morsmelk, og dyrepassarane frykta at ho skulle få forstoppelse. Men det har heldigvis gått bra. (Foto: AP/Scanpix)Veslejenta får melk over heile snuten når dyrepassaren matar ho. Det tok tid å omstille ho frå ordentleg til kunstig morsmelk, og dyrepassarane frykta at ho skulle få forstoppelse. Men det har heldigvis gått bra. (Foto: AP/Scanpix)

Sove litt no... Isbjørn-babyen nyt kroppsvarmen frå dyrepassaren. (Foto: AP/Scanpix)Sove litt no... Isbjørn-babyen nyt kroppsvarmen frå dyrepassaren. (Foto: AP/Scanpix)