Hadde leitt etter mora i fire år:Adoptivson fann si biologiske mor på arbeidsplassen

Christine Tallady (45) og Steve Flaig (22) hadde vore kollegaer i fleire månader utan å vite at dei eigentleg var mor og son. (Foto: AP/Scanpix)
Christine Tallady (45) og Steve Flaig (22) hadde vore kollegaer i fleire månader utan å vite at dei eigentleg var mor og son. (Foto: AP/Scanpix)
Artikkelen fortsetter under annonsen

Steve Flaig hadde leitt etter si biologiske mor mor i åresvis. Så viste ho seg å vere kassadama på jobben.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Steve Flaig (22) hadde søkt etter si biologiske mor Christine Tallady (45) sidan attenårsdagen. Så viste det seg at dei i fleire månader hadde vore arbeidskollegaer ved same byggvarehus i Kent County i USA.

Førre fredag møttes dei for første gong som mor og son, fortel lokalavisa The Grand Rapids Press.

Christine Tallady fortel at det var ei tøff avgjering å gi vekk sonen då han blei fødd 5. oktober 1985, men ho var ugift den gongen og ikkje klar til å bli mor. Ho gav adopsjonsbyrået tillating til å hjelpe guten med å oppklare identiteten hennar den dagen han blei 18, om han sjølv ønska det.

Og det gjorde Steve, med støtte frå adoptivforeldra.

Søkte på feil namn

Han byrja å søkje etter namnet hennar på Internett, men utan å få relevante treff. I haust bestemte han seg for lese nøye gjennom dei gamle adopsjonspapira ein gong til. Då innsåg han at han hadde stava namnet til mora feil. Han hadde søkt etter «Talladay» og ikkje «Tallady», som er moras namn. Då han skreiv namnet riktig, fekk han umiddelbart treff på ei adresse berre ein kilometer unna det varehuset der han har jobba som truckfører dei siste åra.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Då han nemnde dette for sjefen sin, svara han: «Åja, du meiner Christine Talldy, som jobbar her?»

Det viste seg at Steves mor hadde jobba som sjef i kassa det siste halvåret.

Turte ikkje ta kontakt

Steve fortel at det var ein absurd situasjon. I ei tid framover turte han ikkje anna enn å følgje med mora på avstand, utan å vite korleis han skulle kontakte ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Han følte det ville verke taktlaust å berre gå bort til ho og seie: «Hei, eg er Steve, sonen din.» Kva om ho ikkje ville vite av han?

Men førre onsdag fekk han adopsjonskontoret til å ta kontakt med mora på hans vegne.

Tallady fortel at ho blei svært overraska over telefonen.

- Det første som slo meg var at det måtte vere noko gale med han, fortel ho. - Var han sjuk? Trong han ei blodoverføring?

Då ho fekk vite at dei arbeidde på same stad, byrja ho å grine av glede.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Eg hadde rekna med at han ville ta kontakt med meg ein gong, men ikkje på denne måten, seier ho.

Same kyrkje

Førre fredag møtte dei kvarandre for første gong som mor og son, etter å ha sagt hei til kvarandre som tilfeldige kollegaer mange gongar før det.

Dei klemte kvarandre, og blei sitjande å prate saman i to og ein halv time. Det viste seg at vegane deira må ha kryssast tidlegare, då dei begge tilhøyrer same katolske kyrkje. Og dessutan:

- Vi hatar begge to oliven, og elskar berg- og dalbanar, fortel mora.