Røyking kan ta livet av 2,2 millionar kinesarar

Røyking kan ta livet av 2,2 millionar kinesarar
Røyking kan ta livet av 2,2 millionar kinesarar
Artikkelen fortsetter under annonsen

Hovudskallar og sjuke lunger på røykpakka får fleire unge kinesarar til å røykje.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kina skal no trykkje hovudskallar, svarte tenner og sjuke lunger på framsida av røykpakkane i eit forsøk på stanse den aukane sigarettrøykinga.

Ekspertar fryktar at skremselsbilda faktisk vil gjere det meir attraktivt å røykje blant unge folk, melder Reuters.

Dei nye bilda vil utgjere om lag 30 prosent av overflata på sigarettpakkane, ifølgje reglar som skal gjelde frå januar 2009.

Liknande bilde finst allereie på sigarettpakkar i Singapore, Thailand og Canada.

Røykjer på sjukehus

Kinesarane skal vere blant dei ivrigaste røykjarane i verda. Og med ein veksande marknad på meir enn 300 millionar menneske, verkar landet som ein magnet på mektige tobakksselskapa.

Kina har forbod mot røyking på offentleg transport, men det er framleis lov å røykje på restaurantar og sjukehus.

I nokre delar av landet gjennomsnittsalderen så låg som ti år for når unge tar til med å røykje - til trass for at fleire tiltak skal ha blitt sett i verk for å stanse den negative utviklinga.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Vil ha hovudskallar

Ungdomsekspert Zhao Cuiping er uroa over at dei nye verkemidla skal forverre problemet:

- Analysar gjort det siste tiåret om kva ungdom likar, viser at dei føretrekk hovudskallar og andre skremmande bilde framfor kattar og hundar, seier ho.

- Opprør, nysgjerrigheit, og begjær etter stimulering er karakteristisk for denne gruppa. Det å illustrere sigarettpakkar med hovudskallar kan fange interessa deira og føre til at dei byrjar å røykje.

Kinesiske sigarettar er blant dei rimelegaste i verda, og ei pakke kan koste så lite som 5 norske kroner.

Ifølgje Verdas Helseorganisasjon WHO risikerer heile 2,2 millionar kinesarar å døy av røyking om ikkje landet snart får kontroll over røykjesuget.

Illustrasjonsfoto: Flickr.com