- Mamma, mamma!

- Mamma, mamma!
- Mamma, mamma!
Artikkelen fortsetter under annonsen

Paris Hilton støttar seg på mor når livet går ho imot. Det same gjer det store fleirtalet av dagens unge kvinner.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Ingen er som mamma
Paris Hilton klemmer mor Kathy Hilton etter at ho blir lauslaten frå fengsel etter å ha sona tre veker for å ha køyrt bil utan gyldig sertifikat. Ny forsking viser at døtre har eit tettare forhold til mødrene sine enn det som før var vanleg. (Foto: AP/Scanpix)

Banda mellom mor og dotter har vore sterke til alle tider. Men ifølgje amerikanske forskarar som studerer barns overgang til vaksenlivet, har dagens vaksne døtre eit endå tettare forhold til mor og over lengre tid enn det som før var vanleg.

Snakkar med mor om sex

Ifølgje New York Times deler ugifte middelklassekvinner i 20- og 30- åra det meste med mamma, det vere seg intime detaljar om sexlivet eller andre emne. Dei planlegg utfluktar og kafébesøk saman og døtrene ringjer gjerne heim til mamma fleire gonger om dagen, både for å småprate og for å få støtte og hjelp.

Også 26 år gamle Paris Hilton vender seg til mamma når livet går ho imot. Då dommaren beordra hotellarvingen i fengsel etter at ho køyrde bil utan førarkort, ropte ho verken på kjærasten eller Gud, men på mor: «Mamma, det er ikkje riktig!», skal Paris Hilton ha hulka fram. Og då ho blei lauslaten førre veke, kasta ho seg rett i armane på den ventande mora Kathy Hilton.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Amerikanske utviklingspsykologar og sosiologar seier at det først no denne bindinga blir ordentleg forska på. Dei har identifisert fleire faktorar som skal bidra til denne intensiverte mor-datter-symbiosen: Moderne teknologi som mobiltelefon, SMS og e-post gjer det enklare å halde kontakten og det blir fødde færre barn i kvar familie, noko som gjev foreldra betre tid til kvart enkelt barn. I tillegg ønskjer mange foreldre å stå meir på likefot med barna når dei har blitt vaksne.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Samstundes brukar dagens unge vaksne lengre tid på å fullføre utdanninga si, finne ein partnar og få barn. Det betyr at både foreldre og barn har ein periode med fridom etter at dei stormfylte tenåra er overståtte, der dei kan reindyrke vennskapsforholdet.

Ikkje tid på sekstitalet

«Det er ei høgare grad av avhengigheit,» seier Vivian Gadsen, professor ved Universitetet i Pennsylvania til New York Times. «Slik er dei veldig eit produkt av denne perioden i vår historie.»

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mange av kvinnene som snakka varmt om nærleiken til mødrene, kunne også fortelje om eit nært forhold til far, om enn ikkje fullt så usensurert.

«Mødre av i dag vil stå døtrene sine nære,» seier professor Jeffrey Jensen Arnett, ved Clark University og forfattar bak boka: «Emerging Adulthood: The Winding Road From the Late Teens Through the Twenties.»

«På sekstitalet var gjennomsnittsalderen for å gifte seg 20 år for kvinner,» seier professor Arnett. «25 år gamle hadde kvinnene to eller tre barn. Då hadde du ikkje mykje tid til å sitje og sludre med mor di.»

Nokre psykologar stiller spørsmål ved kor sunn denne nærleiken mellom mor og dotter eigentleg er.

Psykolog Vivian Gadsden meiner at foreldre dei siste 25-30 åra har vore mykje meir ettergivande overfor barna enn det som er nødvendig, noko som gjer barna til usjølvstendige vaksne. «Nokre problem må du kunne løyse sjølv,» seier ho.

Men andre psykologar meiner at det ikkje er grunn til å uroe seg, og at det ikkje finst noko bevis for at det er skadeleg å vere for tett knytta til mor si.