Menn sladrar like mykje som kvinner

Menn sladrar like mykje som kvinner
Menn sladrar like mykje som kvinner
Artikkelen fortsetter under annonsen

Om du trudde kvinner var dei verste sladrekjerringane, må du tru om igjen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Sladder

Menn likar å sladre om potensielle framtidige partnarar, ifølgje engelsk forsking.

(Illustrasjonsfoto: Scanpix)

Ny forsking viser nemleg at menn er minst like interessert i sladder som det kvinner er.

Forskar Charlotte De Backer ved Universitetet i Leicester i England har skrive doktorgradsavhanding om emnet. Og forskinga hennar gav nokre uventa resultat:

- Vi forventa at jenter ville vere meir oppteken av sladder, og hugse meir av sladderen, men studien vår visar at gutar er like interesserte, særleg når det gjeld sladder om potensielle romantiske partnarar, seier De Backer i pressemeldinga, som er publisert på Universitetet sine nettsider.

Kvinner og menn sladrar også om dei same tinga, men når vi sladrar om kvinner, handlar det gjerne om i kva grad kvinna er tiltrekkjande og attraktiv eller ikkje. Når vi sladrar om menn, er vi meir opptekne av status og inntekt, ifølgje De Backer.

Sladrar mest om kvinner

Studien viser at kvinner er mest interessert i sladder om andre kvinner.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Også menn likar å sladre om kvinner, særleg om potensielle partnarar.

- Dette indikerer at jenter er meir utsatt for sladder enn gutar, seier De Backer.

Forskinga hennar viser at sladder ikkje berre kan avskrivast som tanketom plapring, men at den har ein klar funksjon i kvardagsliva våre. Blant anna brukar både kvinner og menn sladder til å finne og vudere potensielle partnarar.

Dette gjaldt både single og personar som allereie var i etablerte forhold:

- Vi hadde forventa at svarande som rapporterte at dei var i eit forhold ikkje ville vere så interessert i sladder om potensielle, framtidige partnarar, men resultatat våre viser at dei er like interessert i dette som single, seier De Backer i pressemeldinga.