Gravla feil person

Ein svensk familie trudde dei gravla sin kjære familiefar. Men i kista låg ein framand mann.

Dei to avdøde personane som blei forveksla, sovna begge inn på den same sjukeheimen i Stockholm. Under hentinga av dei døde kroppen skal forvekslinga ha skjedd, melder Expressen.

Sjefen på båretransportfirmaet, Marcus Eriksson, oppdaga feilen tirsdag. Han stussa då han såg han at den første personenes namnekort låg ved den andre personens dokumentasjon.

Då hadde den første allereie blitt gravlagd, under feil namn.

- Eg vil ikkje skulde på nokon menneskeleg faktor, det her er slurv. Ein har ikkje følgd dei tryggleiksinstruksjonane vi har i firmaet. Dette er sjølvsagt frykteleg for dei pårørande, seier Eriksson til Expressen.

Heldigvis blei feilen oppdaga i tide innan kroppane blei kremerte.

I går heldt transportfirmaet krisemøte med dei tilsette og med sjukeheimen. Samstundes blei dei pårørande informert om den tragiske forvekslinga.

- Dei tok det ganske bra og hadde til og med forståing for kva som hadde skjedd, seier Eriksson.

No skal både transportfirmaet og sjukeheimen undersøke rutinar for å finne ut korleis den fatale feilen kunne skje.

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus