Japan går mot skilsmisse-boom

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein ny pensjonslov som snart skal setjast i verk i Japan kan føre til ein eksplosjon i talet på skilsmisser, åtvarar ekspertar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ekteskapet står tradisjonelt sterkt i Japan. Men på grunn av ny pensjonslov vil talet på skilsmisser truleg auke kraftig i tida framover, åtvarar ekspertar. (Foto: http://www.flickr.com/photos/eelssej_/442034087/)Ekteskapet står tradisjonelt sterkt i Japan. Men på grunn av ny pensjonslov vil talet på skilsmisser truleg auke kraftig i tida framover, åtvarar ekspertar. (Foto: http://www.flickr.com/photos/eelssej_/442034087/)

Lova vil gjere det enklare for kvinner å krevje opp til halvparten av ektemannens pensjon når ekteskapet er over, ifølgje BBC.

Talet på skilsmisser i Japan har vore aukande i fleire tiår, men trenden gjekk gjekk tilbake for fire år sidan då den nye lova vart diskutert for første gong.

Ekspertar trur at kvinner i ulukkelege ekteskap har venta på at den nye loven skal setjast i verk søndag før dei krev skilsmisse.

Skilsmisserata i Japan er framleis svært låg, med om lag to skilsmisser for kvart 1 000 gifte. Til samanlikning ligg talet i Noreg på 5,2 skilsmisser per 1 000 gifte.

Ei årsak til at talet på skilsmisser er såpass lågt i Japan, kan ha med skam å gjere, sidan ekteskapsbrot ikkje blir sett på med blide auge, særleg ikkje frå den eldre generasjonen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Pengar kan vere ei anna viktig årsak. På grunn av det tradisjonelle kjønnsrollemønsteret er kvinnene ofte engstelege for at dei ikkje vil klare å forsørgje seg sjølve om dei forlet ektemannen.

Dette kan no den nye pensjonslova endre på. Ho vil gjere det enklare for kvinna å tvinge ektemannen til å dele pensjonen.

Ein studie antydar at i så mange som 42 000 ekteskap kan kvinner ha venta på denne lovendringa.

Då forsikringsselskap i fjor haust tilbaud seg å kalkulere kor mykje av ektemannens pensjon som ville tilkome kvinna, skal 90 prosent av søknadane ha vore frå kvinner.

Ein annan faktor som kan spele inn på skilsmisseraten, er at Japans baby-boom-generasjon byrjar å pensjonere seg frå neste år av. Ektemenn som til no har brukt store delar av døgeret på å arbeide, vil no bli heimeverande kvar dag, kanskje for første gong i mange ektepars liv.

Mange trur at dette vil vere meir enn ekteskapa vil tole.