Suksess for verna mat

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ti norske matskattar er blitt verna mot kopiering. Det gir både status og pengar i kassa for produsentane.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Ordninga vart innført i 2004, og visse produkt har mangedobla omsetjinga sidan då, melder Nationen.

- Eg trur folk ser på det som eit kvalitetsstempel, seier dagleg leiar Halvard Neergård, ved Røra Bakeri.

Frukt og bær frå Hardanger, rakfisk frå Valdres, tjukkmjølk frå Røros, flatbrød frå Nord-Trøndelag, Gamalost frå Vik i Sogn, erter frå Ringerike er blant dei utvalde produkta.

- Dette er ein dokumentert fungerande strategi. Vi ser at det fungerer veldig bra, mellom anna i Sør-Europa, seier administrerande direktør Randi Kvissel Haugen i Matmerk. (NPK)