Ingenting slår eplekake

Artikkelen fortsetter under annonsen

Anten du har eple i hagen eller må kjøpe dei på butikken, det beste med hausten er definitivt eplekake.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ingenting er som nybaka eplekake.Ingenting er som nybaka eplekake.

Sjølv om det er mandag i dag, så går det an å bake eplekake. Det går eigentleg alltid an å lage eplekake, men det er no det er eple-sesong! Dessutan det er ekstra hyggjeleg å kose seg litt heime når det byrjar å bli mørkt og kaldt ute.


EPLEKAKE


200 g smør
2.5 dl sukker
3 egg
4 dl mjøl
1 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker
1 dl mjølk
3-4 store eple

Ekstra kanel og sukker til epla.


Rør smør og sukker kvitt, visp inn egga eitt og eitt, og bland resten av ingrediensane i, unntatt epla. Fyll røra i ei smurt kakeform.

Eple er sunt, året rundt.Eple er sunt, året rundt.

Skrell epla og skjær opp i båtar. Lag ei blanding av sukker og kanel i ein bolle og vend eplebåtane i blandinga før du stikk dei ned i deigen.

Steikast på 170 i ca 50 minutt.

Server kaka når ho enno er lun, med krem eller is, eller berre slik ho er.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

EPLESYLTETØY

Viss du vil ha eple til kvardags, så er det kjempegodt med eple og majones på brødskiva. Men ein kan jo gjere litt meir ut av det, og lage eplesyltetøy:

1 kg eple
200 g sukker
1 dl vatn

Rens epla. Del dei i båtar og kok dei møre, med eller utan skal. Tilset sukker, og gi det heile eit godt oppkok. Hell det over på reine, varme glas.

Viss du treng større utfordringar, kan du lage

eplechutney

.

God eplehaust!

Les meir i Neste klikk:
Meir om mat og drikke finn du både her og her

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving