Raud, rund og frykteleg sur

Artikkelen fortsetter under annonsen

No er rognebæra modne, dei pyntar opp i ein skog som smått byrjar å miste fargane.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Rognebæra er fin å sjå på, men nærmast uspiseleg for menneskemunnar rett frå treet.Rognebæra er fin å sjå på, men nærmast uspiseleg for menneskemunnar rett frå treet.

Dei raude bæra kan også brukast til pynt inne. Plukk ein bukett og set han i ein vase, kanskje hjelper det mot både hauststormar og haustdepresjonar. Men pass deg for

flåtten

når du hentar rogn!


Fine og sure


Rognebær ser fine ut, men dei smakar heilt utruleg surt for menneskemunnar. Det går likevel an å bruke dei fine raude kulene til noko ein kan både spise og drikke, viss ein berre legg ned litt arbeid i saka. Viss ein venter med haustinga til det har vore ei frostnatt eller to, blir smaken mildare. Ein kan også leggje bæra ei natt i fryseboksen, viss ein ikkje vil vente på frosten.

Kanskje du får det så godt til at du lagar storproduksjon? Årets julegåver, dette!Kanskje du får det så godt til at du lagar storproduksjon? Årets julegåver, dette!

Rognebærgele


Rognebærgele er kjempegodt til kjøtt. Det finnest eit utal oppskrifter på rognebærgele på nettet. Ei av dei er denne, som vi fann hos

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kunnskapsbasen.com

:


Du treng:


1 kg reinsa rognebær
2 dl vatn
3/4 kg sukker pr. liter saft.


Du gjer slik:


Plukk bort alle mørke og stygge bær, og kok bæra i vatn under lokk til massen blir mindre, fargen blir svakare og safta kjem ut. Så silar ein safta frå bæra ved å bruke eit silenett (eller ein kjøkkenhandduk).

Mål opp safta og kok ho opp, rør inn sukker og kok utan lokk i ca 5 minutt.

For å vite om geleen er ferdig kan du helle litt på eit fat og late han stå til han får ei hinne. Blir han øydelagd av at du pirkar i han med ei skei, må du la han koke litt til.

Hell den ferdige geleen på varme glass med lokk, og skru dei igjen med det same.

Viss dette gjekk bra, kan du jo prøve deg på

rognebærvin

.


Les meir på nettet:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving