Vassmelon med fire hjørne

Artikkelen fortsetter under annonsen

Snart kan engelskmenn kjøpe firkanta vassmelonar i butikken.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vassmelon er både sunt og godt. No vil engelskmennene ha dei i praktisk utgåve... (Foto: jupiterimages.com) Vassmelon er både sunt og godt. No vil engelskmennene ha dei i praktisk utgåve... (Foto: jupiterimages.com)

Vassmelonar er kjende for å vere runde og glatte, og like vanskelege å skjere opp som å ete.

Men det var før.


Importerer ny utgåve


Tesco, ei engelsk matvarekjede, har nemleg bestemt seg for å gjere noko med dette «problemet».

...Slik japanarane har hatt dei i årevis. (Foto: microplate.org/) ...Slik japanarane har hatt dei i årevis. (Foto: microplate.org/)

No skal dei importere ei ny utgåve av den kjende frukta.

Naturleg produkt


I Brasil har det lenge vorte dyrka vassmelonar i firkanta kassar, etter ein japansk metode. Når vassmelonane veks, tilpassar dei seg kassen, og forma blir dermed firkanta i staden for rund.

Dette er ein heilt naturleg prosess som tar om lag 60 dagar.

(Foto: whatsnextblog.com/)(Foto: whatsnextblog.com/)

Problemet er løyst!

Eit syn for auga


Innkjøpssjefen hos Tesco, Damien Sutherland, seier at den uvanlege frukta er ein ekte augefangar:

- Vi har sett prøvar av desse vassmelonane og dei sett deg verkeleg ut. Dei er eit syn for auga.


Praktisk


Han seier vidare at frukta no vil bli mykje enklare å ete, og kan lett skjerast opp som om det skulle ha vore ei skive med brød.

I tillegg blir vassmelonane enklare å transportere, sidan dei lettare lar seg stable.

Kjem i oktober


Den sunne frukta kjem i forbetra utgåve for sal i engelske butikkar frå oktober av.

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving